FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Blikelvholten

Denne turen skil seg frå dei andre toppturane i området, med eit terreng som set større krav til kunnskap om trygge sporval.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Rørvikfjellet og Haukedalen
    • Toppunkt: 1357
    • Høydemeter: 1010
    • Faremomenter: Du bør ha godt vær og sikt for å gå denne turen, sidan terrenget krev gode sporval.
    • Himmelretning: Nordaust
    • Bratteste punkt: 27-34 grader
    • Startsted: Myra
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember - mai
    • Ekstra utstyr: Skarejern eller stegjern ved skare

    Turen opp via Frippet kan vere utfordrande med enkelte vanskelege parti, og nedkøyringa via Myreskaret er krevjande med renneformasjonar i dei brattaste partia. Skikøyrarar som trivast i denne type fjellsider kan finne artig laussnøkøyring her, sjølv om vinden har blese snøen av toppane. Om du ønskjer å forlenge turen, tek det ikkje lang tid å gå til toppunktet 1416 moh. i retning mot Skarvedalsbreen. Herifrå kan du òg nytte nedkøyringa via Myreskaret.

    Tilkomst/parkering: Følg fv483 til enden av Haukedalsvatnet, og vidare mot Grøning. Eit kort stykke før du kjem til Grøning, tek du av til høgre mot Myra. Du køyrer her til enden av vegen, og finn ein høveleg parkeringsplass. 

    6.8.1 Opp via Frippet KOMPLEKST, E2, GV

    Frå parkeringa går du sørover langs dyrka mark. Når du kjem inn i skogsområdet, går du søraustover til du når ryggen like vest for Sygneelva. Du følgjer ryggen oppover til om lag 1180 moh. Deretter svingar du sørover til du kjem fram til ein rygg som leier deg sørvest opp til toppen.

    Nedkøyring: Oppstigninga kan nyttast som nedkøyring.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 350 moh.
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nordaust
    • Stigning: 1010 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 27-34 grader (i varierande parti mellom 750-1357 moh.)
    • Utstyr: Skarejern eller stegjern ved skare
    • Farar: Du bør ha godt vær og sikt for å gå denne turen, sidan terrenget krev gode sporval.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    6.8.2 Ned via Myreskaret KOMPLEKST, E2, GV

    Denne nedkøyringa følgjer dalsøkket mellom toppen av Blikelvholten og høgda 1416 moh. på Skarvedalsbreen og ned i Myreskaret. Før terrenget flatar ut nedst, kan det vere greitt å halde litt høgde ut Myreskaret slik at du kjem tilbake på ruta du gjekk opp. Deretter følgjer du oppstigningsruta siste stykket tilbake til bilen. 

    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Aust
    • Fall: 1010 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 27-30 grader (1200-1100 moh.) 33-37 grader (1100-1000 moh.)
    • Farar: Renneformasjonar/terrengfeller i det brattaste partiet
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå