• Sesong: Februar-mai
  • Stigning: 1560 høgdemeter
  • Fall: 1560 høgdemeter
  • Lengd: 29,4 km
  • Utstyr: Stegjern og isøks dersom det er fare for skare i det smale partiet i siste stigninga til toppen
  • Kart: Norge-serien: Førde, 1:50.000
  • Tips: Det er og muleg å starte frå vegen mot Kårstadstølen

8.10.1 Opp via Hjelmeland Utfordrande, E2, LV

Frå parkeringa går du mot nord langs gardsveg til Stangavatnet. Herifrå svingar du mot nordvest og følgjer åsrygg forbi Liastølen, før du svingar nordover opp mot Yndestadstølen. Forbi stølen fortset du nordover mot toppen av Oksekleivheia. Herifrå sklir du ut fjellsida mot Kvamsskaret. Partiet etter Kvamsskaret vert på folkemunne kalla Flatehesten. Ruta held fram mot nordvest på nordsida av Seltuftevatnet mot høgda 860 moh., som lokalt vert kalla Sauekranakkane. Før du passerer Selsvatnet svingar du litt meir nordvest mot Heilevangsstaurane, der du går over den første toppen som er 1231 moh. Herifrå går du i vestleg retning mot neste topp på 1223 moh. som du passerer nord for. Du får ein kort unnabakke før du tek til på siste oppstigninga langs det smale partiet som heller skrått ned mot sør, mens det mot nord er bratte fjellsider ned mot Blåfonna og Førdefjorden. 

Heimtur: Du går same ruta attende som du gjekk opp.

  • Starthøgde: 220 moh.
  • Stigning: 1315 høgdemeter 
  • Fall: 245 høgdemeter
  • Lengd: 14,7 km frå Hjelmeland til Blægja
  • Brattaste punkt: 30-35 grader (630-680 moh.) i ­Kvamsskaret
  • Tips: Turen til Blægja kan du også gå frå Langeland Skisenter eller frå Kårstad i Bygstad. Frå Kårstad kan du følgje same oppstigning som skildra under oppstigning til toppturen Kvamshesten (Storehesten) i kapittelet Dalsfjorden og Førdefjorden
  • Farar: Langs fjellsida frå Heilevangsstaurane til Blægja ligg det store skavlar ned mot Førdefjorden som du må halde avstand til. Her er det òg eit kort smalt parti som kan vere vanskeleg å passere dersom snøen er hard og isete
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.