1.1.1 Opp via Nipevatn Utfordrande, E2, GV

Denne turen er mest vanleg å gå litt utpå sesongen, når snøgrensa her ute ligg på 400-500 moh., slik at den bratte stien i starten opp gjennom skogen er bar. Frå Rørvika følgjer du den merka sommarstien som passerer like vest for Hengenipa. Herifrå går du i sørvestleg retning, forbi ei hytte som ligg på 600 moh., og rundar Rørvikenipa ved å følgje dalføret og elva fram til Nipevatnet, som du passerer langs nordsida. Etter Nipevatnet, svingar du meir austover og tek til på den bratte oppstigninga mot toppen.

Nedkøyring: Denne oppstigninga er òg den mest vanlege nedkøyringa mot Rørvika.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Start høgde: 30 moh.
  • Sesong: Januar – mai
  • Himmelretning: Sørvest og nordvest
  • Stigning: 1280 m
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 30-36 grader (1100-1200 moh.),  30-34 grader (780-840 moh.)
  • Utstyr: Stegjern og isøks
  • Farar: Toppskavlen kan vere vanskeleg å passere. Er det mykje snø kan varden oppe på platået vere nedsnødd, og du må vere forsiktig. Ikkje gå for langt utpå kanten der det er store overhengande skavlar.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

1.1.2 Ned via Rørvikenipa Komplekst, E3, V

Ned Rørvikenipa er ei meir utfordrande nedkøyring. Frå toppen av Blægja følgjer du sporet tilbake der du kom over kanten på topp-platået, og køyrer ned første bratthenget. Herifrå går du litt opp og ned vestover langs ryggen til Rørvikenipa. Ytst på Rørvikenipa køyrer du ned den bratte nordvende fronten på Rørvikenipa. Her får du kjensla av å køyre rett i fjorden! På ca. 900 moh. når terrenget blir litt slakare rundar du mot vest, og køyrer vidare i nordvestleg retning mot hytta du gjekk forbi på veg opp. Herifrå følgjer du same rute ned att som du kom opp.

  • Sesong: Januar - mai
  • Himmelretning: Nord og nordvest
  • Fall: 1280 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 34-42 grader (1200-900 moh.),  38-42 grader (960-920 moh.)
  • Tips: Du bør runde mot vest på 900 moh. sjølv om terrenget ser fint ut eit stykke til nedover.
  • Utstyr: Stegjern og isøks
  • Farar: Toppskavlen kan vere vanskeleg å passere.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.