FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Blånipa og Høgefjellet

Av turane langs nordsida av Jølstravatnet er nok Blånipa og Høgefjellet blant dei minst kjende toppturane. Det trass i at fjelltoppane byr på noko spesielt; 800 høgdemeter leiken skikøyring heilt ned til kanten av Jølstravatnet.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Nordsida av Jølstravatnet
    • Toppunkt: 1049
    • Høydemeter: 810
    • Himmelretning: Sør
    • Bratteste punkt: 32-35 grader
    • Startsted: Solheim
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember – april

    Allereie tidleg i sesongen er det sol i den sørvende sida. Skålformasjonen øvst og skogsterrenget nedst gjer at snøen her ligg meir beskytta enn plasseringa skulle tilseie. Blånipa og Høgefjellet er passande turar for dei som vil ha utfordringar i variert og moro terreng. 

    Tilkomst/parkering: Du køyrer til Solheim, 1,5 km vest for Ålhus. Ta av frå E39 og parker på Solheim. Dersom du vil gå på Blånipa frå Ålhus tek av E39 mot Øvrebø og følgjer fv454 om lag 1,2 km før du svingar til venstre mot Nedrebødalen. Parker ved driftsbygningen på første garden du møter. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området.

    3.4.1 Opp Blånipa via Ørnebotnen Utfordrande, E1, GV

    Turen startar ved brua over Ørnebottgrova. Du startar oppstiginga langs vegen på vestsida av grova og følgjer denne til eit eldre gardstun. Deretter går du vidare i nordleg retning over beitemark og open lauvskog like vest for grova. Følg ryggformasjon nordvest forbi hamrane, og traverser deretter nordaust mot stølshus i Ørnebotnen på om lag 600 moh. Herifrå kan du enten legge sporet nordover opp skålformasjonen eller opp langs ryggen på austsida av skåla. Når det flatar ut, er det vel ein kilometer i austleg retning i flatt terreng til toppunktet av Blånipa. Turen mot toppunktet gir ikkje meir nedkøyring, men byr på ei fantastisk utsikt mot det bratte og alpine skiterrenget rundt Nedrebødalen. 

    Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstiginga. Ofte har vinden leika seg med snøen i Ørnebotnen og laga artige utfordringar til å hoppe og leike seg i. Frå stølen er det steinar og søkk som eignar seg for skileik, før du tek fatt på fin skogskøyring ned til parkeringa.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 230 moh.
    • Sesong: Desember – april 
    • Himmelretning: Sør 
    • Stigning: 810 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 32-35 grader (730-800 moh.)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.4.2 Opp Blånipa via Ålhusstøylen Utfordrande, E1, LV

    Følg vegen innover Nedrebødalen til enden av bøane. Ved kraftverket kryssar du elva og følgjer skogsvegen til Ålhusstøylen. Hald slak stiging i vestleg retning over botnen og forbi ei hytte på om lag 700 moh. Frå hytta følgjer du ein rygg vidare vestover til ei lita tjørn som er synleg på kartet på om lag 760 moh. No går du rett nordover i retning mot skaret ved Hellebotnen, og følgjer ryggen vidare mot toppen av Blånipa.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 270 moh.
    • Sesong: Desember – april
    • Himmelretning: Sør
    • Stigning: 780 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 20-22 grader (930-980 moh.)
    • Tips: Denne oppstiginga kan vere fin om du ønskjer å køyre ned frå Steinegga, Ned via Nedrebødalen. Du går då til skaret ved Hellebotnen og følgjer ryggen vidare vestover til Steinegga.
    • Farar: Ruta går gjennom utløpssone for skred frå Grøneneven og Blånipa.
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.4.3 Opp via Smellen til Høgefjellet Utfordrande, E1, GV 

    Turen startar ved brua over Ørnebottgrova. Du startar oppstiginga langs vegen på vestsida av grova og følgjer denne til eit eldre gardstun. Deretter går du vidare i nordleg retning over beitemark og open lauvskog like vest for grova. Følg ryggformasjon nordvest forbi hamrane. Når du har runda desse, legg du sporet nordover i noko bratt terreng mot skuldra like sør for toppen av Høgefjellet. Ruta følgjer skuldra vestover og rundar tilbake mot toppunktet. Her får du flott utsikt over Jølstravatnet og mot dei flotte nedkøyringane på austsida av Tindefjellet.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 230 moh.
    • Sesong: Desember – april 
    • Himmelretning: Sør 
    • Stigning: 760 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 30-32 grader (490-750 moh.) og 27-29 grader (850-920 moh.)
    • Tips: Denne ruta er òg fin å køyre ned.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.4.4 Ned Høgefjellet via Ørnebotnen Utfordrande, E1, GV

    Rett etter at du forlèt toppen møter du ei flott nedkøyring i søraustleg retning ned mot Ørnebotnen. Denne nedkøyringa er i noko brattare og meir spenstig terreng enn nedkøyringa frå Blånipa. Frå Ørnebotnen følgjer du same nedkøyring som omtala under Blånipa.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Sesong: Desember – april 
    • Himmelretning: Søraust  
    • Fall: 760 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side  
    • Brattaste punkt: 30-32 grader (920-750 moh.) og 29-31 grader (590-500 moh.)
    • Tips: For mindre bratt terreng kan du legge sporet lenger aust frå Høgefjellet.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.4.5 Ned Blånipa via Hellebotnen Komplekst, E2, V

    Dette er ei av dei lettast tilgjengelege bratte nedkøyringane i området. Etter ei kort oppstiging i sørvendt og slakt terreng, skiftar terrenget rundt Nedrebødalen tydeleg karakter. Nedkøyringa startar frå det lågaste punktet på ryggen over Hellebotnen og følgjer botnen heilt ned i dalen. Herifrå følgjer du vegen ut dalen på venstre side av elva til Nedrebø. Flyfoto med rutenummer finner du på neste side.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Sesong: Desember – april
    • Himmelretning: Nordaust
    • Fall: 780 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 37-39 grader (1020-830 moh.) og 32-38 (780-570 moh.)
    • Tips: Du kan finne ei slakare linje i toppen ved å traversere om lag 400 meter nordvestover frå det lågaste punktet i skaret over Hellebotnen. Her går ei lita forseinking i terrenget ned botnen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Nordsida av Jølstravatnet med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Anne Cecilie Kapstad. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå