FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Blåfjellet

Blåfjellet er eit mykje brukt toppturmål i Haukedalen, og byr på variert nedkøyring frå det trygge til det meir bratte.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Rørvikfjellet og Haukedalen
    • Toppunkt: 1226
    • Høydemeter: 900
    • Himmelretning: Søraust
    • Bratteste punkt: 28-30 grader
    • Startsted: Hårklau på nordsida av Haukedalsvatnet
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember – mai

    Frå toppen kan du dra på i vide fjellsider, og deretter leike deg i småkupert terreng gjennom bjørkeskog. Terrenget legg med andre ord godt til rette for skikøyrarar som vil more seg med store svingar og spenstige hopp!  

    Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Hårklau på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved innkøyringa til gardstuna her. 

    6.3.1 OPP VIA SAUEBOTNEN UTFORDRANDE, E1, LV

    Frå Hårklau følgjer du skogsvegen opp mot restane etter ­Hårklaustølen. Frå stølen går du nordvest i småkupert terreng mot den søraustvende ryggen. Denne følgjer du vidare opp mot toppunktet. På veg opp passerer du eit flott utkikkspunkt ved ein steinvarde. 

    Nedkøyring: Ein kan nytte same ruta ned som opp. Når du kjem ned på skogsvegen, kan du ta snarvegen ned dei opne beiteområda i staden for å følgje vegen du gjekk opp. Her er open og artig skogskøyring heilt til gardstuna.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 320 moh.
    • Sesong: Desember – mai 
    • Himmelretning: Søraust  
    • Stigning: 900 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 28-30 grader (700-830 moh.) 29-31 grader (990-1050 moh.)
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    6.3.2 NED VIA HOLEKNUBBEN UTFORDRANDE, E2, GV

    Frå toppen køyrer du i slakt terreng i sørleg retning ned til utkikkspunktet med dei tre vardane på 1080 moh. Her finn du flotte fotomotiv. Frå vardane køyrer du i søraustleg retning og ned eit bratt heng. Etter henget sklir du mot ryggen du gjekk opp, og følgjer ruta vidare ned her. 

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Søraust  
    • Fall: 900 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 35-37 grader (1080-900 moh.) 29-31 (800-650 moh.)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Julefeiring på toppen av Blåfjellet, med utsikt mot Storehesten og Blegja. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå