FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Bjørnsetfjellet og Hegrenesnipa

Bjørsetfjellet ligg strategisk plassert ”midt på” Jølstravatnet og gir deg ei kjempeutsikt over begge endar av det langstrekte vatnet. Sjølv om utsikta er strålande, så er det ikkje berre den som lokkar folk til toppen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Nordsida av Jølstravatnet
    • Toppunkt: 1002
    • Høydemeter: 720
    • Himmelretning: Nordaust
    • Bratteste punkt: 33-36 grader
    • Startsted: Årdalsdalen
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember – april

    Vestavêret syter for at nedkøyringa i Litlebotnen enkelte tider i skisesongen blir kalla «pudderbotnen». Her kan du i periodar finne den beste snøen i Jølster! Like nord for Bjørsetfjellet ligg Hegrenesnipa, som er eit kortare alternativ. 

    Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og fortset opp Årdalsdalen på vestsida av elva. Det er skilta toppturparkering med parkeringsavgift der bomvegen startar.

    3.9.1 Opp Bjørsetfjellet via Nausa Utfordrande, E1, GV

    Frå parkeringa startar du å gå i vestleg retning sør for Øyskargrova og vidare sørvest mot Nausa, den bratte fjellrabben i starten av den austvende ryggen. I ei høgde på 580 til 650 moh. tek du inn på ryggen som fører deg fram til toppen.

    • Tid: Kort 2-4 timar 
    • Sesong: Desember – april 
    • Starthøgde: 280 moh.
    • Himmelretning: Nordaust 
    • Stigning: 720 meter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 33-36 grader (580-650 moh.)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.9.2 Opp Bjørsetfjellet via Eggjabakkane Enkelt, E1, LV

    Denne ruta gir den finaste rundturen på Bjørsetfjellet med fin utsikt både vestover mot Vassenden og austover mot Skei. Følg skogsvegen som startar like nord for Øyskargrova, og gå deretter vidare mot skaret mellom Hegrenesnipa og Bjørsetfjellet. Her svingar du sørover og følgjer den nordvende ryggen til toppen.

    • Tid: Kort 2-4 timar 
    • Sesong: Desember – april 
    • Starthøgde: 280 moh.
    • Himmelretning: Nord og sør
    • Stigning: 720 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 25-27 grader (880-950 moh.)
    • Tips: Denne oppstigninga kan òg vere fin som nedkøyring. Køyr då ned på sørsida av Øyskargrova
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.9.3 Ned Bjørsetfjellet via Litlebotnen Utfordrande, E1, GV

    Vinden frå vest gjer at det ofte samlar seg mykje fin snø i heile Litlebotnen. Øvste del av nedkøyringa er den brattaste delen av ruta. Terrenget er småkupert ned botnen med enkelte brattare heng. Botnen flatar gradvis ut nedover mot Øyskargrova og går over i skogsterreng.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Sesong: Desember – april 
    • Himmelretning: Nordaust  
    • Fall: 720 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal 
    • Brattaste punkt: 29-31 grader (960-620 moh.) 
    • Farar: Terrengfelle i botnen av elva midt i dalføret.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.9.4 Opp Hegrenesnipa via Øyskaret Utfordrande, E1, GV 

    Følg skogsvegen som startar like nord for Øyskargrova opp mot Øyskaret. Frå skaret og opp mot toppen vert terrenget brattare. Toppen når du via den nordaustvende ryggen. Frå det flate fjellplatået på toppen får du flott utsikt over begge endar av Jølstravatnet. 

    Nedkøyring: Den vanlegaste ruta ned frå Hegrenesnipa følgjer same ryggen tilbake mot Øyskaret som du kom opp. Like før skaret svingar du mot høgre og inn i botnen ned mot Øyskargrova. Det beste skiterrenget finn du på sørsida av Øyskargrova i ope terreng ned til parkeringa.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Sesong: Desember – april 
    • Starthøgde: 280 moh.
    • Himmelretning: Aust
    • Stigning: 620 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal 
    • Brattaste punkt: 25-30 grader (780-880 moh.) 
    • Tips: For ei brattare linje dei første hundre høgdemetrane kan du køyre ned rett austover frå toppen (35-38 grader på det brattaste).
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Nordsida av Jølstravatnet med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Nordlys over Jølster. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå