FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Bings Gryte

I det inste dalføret i Jølster finn du Tverrdalen. I den tronge dalen opnar det seg ein halvsirkel med toppar og bratte fjellsider omkransa av Jostedalsbreen, og små brefall som kryp nedover fjellsidene.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Skei og Stardalen
    • Toppunkt: 1658
    • Høydemeter: 1470
    • Faremomenter: Heile Tverrdalen er ei terrengfelle med utløpssoner frå dei fleste himmelretningar. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt. Delar av ruta går på snødekt bre.
    • Himmelretning: Nord og nordvest
    • Bratteste punkt: 38-42 grader
    • Startsted: Fonn
    • Tid opp/ned: 5-10 timar
    • Beste sesong: Mars - mai
    • Ekstra utstyr: Breutstyr

    Den mektigaste runden for å ta inn naturinntrykka her går rundt dalen via Bings gryte, som har fått namn etter den bergenske advokaten Kristian Magdalon Bing (1862-1935). Han undersøkte breen svært systematisk, og gjekk mange turar saman med jølstringen Daniel Søgnesand. Under første forsøket på å gå Jostedalsbreen på langs i 1898 måtte Bing snu ved denne vindgryta. Bings gryte er forma av ekstreme vindtilhøve, og blir kvar sommar utvida og vedlikehalden av smeltevatn som samlar seg i botnen. I det elles så kvite og flate brelandskapet er gryta av snø og is eit fantastisk syn. Ruta ned inst i Tverrdalen er ein tur som anbefalast for skikøyrarar som likar å utforske dramatisk natur ved bruk av kunnskap om snø, terreng og bratt køyring.

    Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek av på Klakegg i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg køyrer du til endes på fv453 til Fonn. Her finn du parkering. 

    4.10.1 Opp via Bings Gryte Komplekst, E2, V

    Frå Fonn følgjer du sørsida av elva til like forbi foten av Gallen. Hald fram opp ryggen mot sørvest langs sommarstien, til du er forbi det brattaste terrenget i dalen aust for deg. Skrå deretter oppover sida og rett sør for Litlenyken via 1658 moh. til Bings gryte. Fortsett langs ryggen vidare nordaustover, og drei deretter rett nordover for å nå nedkøyringa Ned ved Geitafjellet.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 310 moh.
    • Sesong: Mars - mai 
    • Himmelretning: Nord og nordvest
    • Stigning: 1470 høgdemeter 
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 38-42 grader (780-820 moh.), 35-40 (580-710 moh.), parti med 30-35 grader (710-1080 moh.)
    • Utstyr: Breutstyr
    • Farar: Heile Tverrdalen er ei terrengfelle med utløpssoner frå dei fleste himmelretningar. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt. Delar av ruta går på snødekt bre.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    4.10.2 Ned ved Geitafjellet Komplekst, E2, V

    Frå breplatået legg du sporet ned breen rett nord om Geitafjellet. Du fortset ned dalen som er avgrensa av sidemorener på begge sider. Når desse morenene blir mindre tydelege traverserer du over den vestlegaste morenen og køyrer ned sida nær Hovdeskrednibba. Vidare fortset du ut Tverrdalen på sørsida av Tverrelva og tilbake til parkeringa.

    Alternativ oppstigning: Denne ruta er òg vanleg å nytte som oppstigning. Du følgjer då same ruta til like før innsteget på breen. Her går du nordover og rundar nord om hammaren som ligg nord for Geitafjellet. Vidare rundar du tilbake mot aust til breplatået over Geitafjellet.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 310 moh.
    • Sesong: Mars - mai 
    • Himmelretning: Sør og sørvest  
    • Fall: 1470 høgdemeter 
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 32-37 grader (1620-1500 moh.), 27-32 grader (1060-750 moh.), 25-28 grader (1500-1250 moh.)   
    • Tips: Denne ruta er like vanleg å nytte på veg opp som Opp via Bings gryte. Sjå an snøforhold i Tverrdalen før du bestemmer deg. For ein fin rundtur i Tverrdalen følgjer du ruta Opp via Bings gryte
    • Utstyr: Breutstyr 
    • Farar: Heile Tverrdalen er ei terrengfelle med utløpssoner frå dei fleste himmelretningar. Du bør avgrense eksponeringstida her. Det første brefallet har som oftast store og opne sprekker. Terrenget ned mot Tverrdalen er bratt sva og der kan vere store sigesprekker
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord
    Utsikt mot Gallen under oppstigninga til Geitafjellet. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå