• Sesong: Mars – juni. Beste tida å gå turen er frå midten av mai til midten av juni
  • Stigning: 2215 høgdemeter 
  • Fall: 2054 høgdemeter
  • Lengd: 38 km
  • Utstyr: Breutstyr
  • Kart: Norge-serien: Jostedalsbreen, Sogndal og Førde 1:50.000
  • Tips: Du kan legge inn ei overnatting på Kvannebakkbu. Om du vil gå ein kortare variant, er det eit fint alternativ å gå tur-retur Kvitevardane

8.6.1 Befring - Kvannebakknova Utfordrande, E2, GV

Denne ruta frå Befring til Kvannebakknova er av dei vanlegaste og tryggaste vegvala opp på Jostedalsbreen, ettersom den nordvende oppstigninga ligg skjerma frå vårsola. Dersom vegen er brøytt til Befringsstøylen er anmarsjen relativt kort.

Du følgjer skogsvegen heilt opp til parkeringa ved kraftdemninga. Frå parkeringa går du mot Befringstøylen og vidare søraust mot Skaret og Strupen. Frå Strupen går du i sørvestleg retning via ryggformasjonen eit stykke opp mot Kvannebakknova. Før det brattaste henget under toppen traverserer du sørover i sida under Kvannebakknova mot Snoadvarden. Innsteg på breen er i dette partiet. Ved Snoadvarden kan du runde opp på Kvannebakknova der du finn hytta Kvannebakkbu. Den ligg like nord for Snoadvarden.

  • Starthøgde: 300 moh. ved start på Befring, seint i sesongen kan ein parkere på 600 moh.
  • Stigning: 1225 høgdemeter 
  • Fall: 14 høgdemeter
  • Lengd: 9,4 km
  • Brattaste punkt: 25-28 grader (1000-1400moh.)
  • Tips: Det er mogeleg å overnatte på Kvannebakkbu om du ønskjer å dele opp ruta i to dagsetappar
  • Farar: Etappen er innom breen rett før toppen. Ved skare er det fare for utgliding under traversen i sida under Kvannebakknova. I same partiet kan du vere eksponert for skavldanning som ofte heng langs austsida av topplatået
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

8.6.2 Kvannebakknova – Kvitevardane Utfordrande, E1, L

Denne etappen går over den vestlege delen av ­Jostedalsbreen, og undervegs passerer du aust for ­Lundabreen og Tverrfjellet. Sidan det er få referansepunkt på breplatået, kan det vere vanskeleg å orientere seg. Frå Snoadvarden tar du ut kompasskurs mot høgda 1647 moh. før du siktar mot Kvitevardane på 1447 moh.s. Tverrfjellet er ein veldig fin avstikkar med flott ­utsikt over Kjøsnesfjorden. Turen til Kvitevardane er ein fin tur ­åleine om du går tur-retur frå Befring og ­Kvannebakknova

  • Stigning: 161 høgdemeter
  • Fall: 249 høgdemeter
  • Lengd: 8 km
  • Tips: Under orientering på bre er det lurt å rekne ut distanse og estimere tidsbruk mellom referansepunkt. Legg merke til høgdeendringar i terrenget, eller følg med på høgdemålar. Om sikta er dårleg kan det vere ­vanskeleg å treffe Kvitevardane etter relativt lange kompasskursar. Det lønner seg då å legge kursen meir vest mot Marabreen.
  • Farar: Ferdsel over snødekt bre. Utsett for raske vêrendringar
  • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

8.6.3 Kvitevardane – Grovabreen Utfordrande, E1, LV

Du går i vestleg retning over Marabreen og følgjer ryggen ned mot nordsida av Trollavatnet. Gå nord for hovuddemningen. Seint i sesongen er det vanlegvis greitt å krysse over vatnet frå Lundebu som ligg mellom demningane. Frå Trollavatnet går du via ­Kinnaklypa og passerer Femtevatnet. Du rundar fjellet Litlegrønova og går i nordleg retning frå høgda 1015 moh. Du følgjer vidare dalføret aust for Grovabreen eit stykke nordover mot Søgnesandsdalen til høgste punktet i dalen. Du tek no høgde i vestleg retning mot høgste punktet på Grovabreen på 1633 moh. Frå siste fjellpartiet før breen, som på fagspråket blir kalla breskjær, kan du ta kompasskurs mot toppunktet. Frå 1633 moh. tek du kurs mot 1585 moh.

  • Stigning: 829 høgdemeter
  • Fall: 614 høgdemeter
  • Lengd: 12,4 km
  • Brattaste punkt: 20-25 grader (1100-1500 moh.)
  • Tips: Ved dårleg sikt i oppstigninga til Grovabreen bør du frå Søgnesandsdalen gå mot 1444 moh. og ta kurs derfrå sidan dette er ein meir markert rygg
  • Farar: Utrygg is over Trollavatnet som er regulert av Kjøsnesfjorden Kraftverk. Femtevatnet er ikkje regulert, men du må vurdere om isen er trygg før kryssing. Første og siste del av etappen går over snødekt bre.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

8.6.4 Grovabreen – Dvergsdalsdalen Utfordrande, E1, GV

Siste etappen er ei fin nedkøyring til Fagredalen og Dvergsdalsstøylen. Frå 1585 moh. køyrer du vestover i slakt terreng mot brearmen som stikk lengst ned mot Fagredalen. Du får eit fint nedrenn langs brearmen og vidare ut dalføret. For å unngå det siste bratte henget før Salsmyrane held du deg på vestsida av dalføret. Deretter kryssar du Salsmyrane til nordsida av dalføret, og vidare ned til Dvergsdalsstøylen. Herifrå følgjer du skogsvegen til Dvergsdalsdalen.

  • Fall: 1177 høgdemeter
  • Lengd: 8,5 km
  • Brattaste punkt: 29-31 grader (1400-1100 moh.), 27-30 grader (880-800 moh.)
  • Tips: Det er fleire mogelege nedkøyringar frå Grovabreen. Sjå turskildring for Grovabreen i kapittelet Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
  • Farar: Nedrenn over snødekt bre
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.