5.6.1 Opp via Svorarabben Utfordrande, E1, LV

Frå gardstunet på Øvre Åsen følgjer du skogsvegen mot Åsstøylen. Frå stølen går du vidare i vestleg retning langs ryggformasjonen Svorarabben, på nordsida av elvegjelet. Når du er komme heilt opp på den nordvende ryggen, følgjer du den sørover via ein stilfull varde og vidare inn mot toppunktet. 

Nedkøyring: Denne ruta er òg eigna som nedkøyring, og her får du mest skogskøyring. Frå den nordvende ryggen, kan du velje fleire nedkøyringar gjennom skogen til gardstunet på Øvre Åsen. Ver merksam på at terrenget er småkupert og enkelte stadar vel 35 grader bratt om du køyrer meir direkte ned mot Øvre Åsen.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 370 moh.
  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 700 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Rygg og side
  • Brattaste punkt: 27-31 grader (720-930 moh.)
  • Tips: Studer opningane i skogen frå Åsen og Åsstøylen for å velje ut ei fin linje for nedkøyringa. Legg spesielt merke til kvar ein må køyre for å unngå tett granskog like over bøane ved Åsen.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

5.6.2 Ned austsida Utfordrande, E1, GV

Heile austsida av Åsfjellet gir fin skikøyring ned mot Skryklingsdalen. For den slakaste, men samtidig finaste linja køyrer du noko tilbake mot varden du passerte på veg opp, før du svingar rett austover og ned langs sørsida av elvegjelet mot Åsstøylen. Herifrå følgjer du skogsvegen tilbake til Øvre Åsen.

  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Aust
  • Fall: 700 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Bratteste punkt: 28-33 grader (960 – 710 moh.)
  • Tips: Du finn brattare terreng lenger sørover i sida i retning mot Blåfjellet. Du kan forlenge nedkøyringa ved å krysse Åselva mellom Skryklingsstøylen og Åsstøylen, og følgje kraftgata heilt ned til Jølstravatnet.  
  • Farar: Terrengfelle i elvegjelet langs ryggen du følgde opp.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.