Turen startar med utsikt til den blenkande Sognefjorden og tek deg vidare gjennom eit kontrastfylt og vakkert landskap over fire ulike breplatå; Jostefonni, Grovabreen, Jostedalsbreen og Myklebustbreen. Ruta er i tillegg skreddarsydd slik at du får med deg fem lange nedkøyringar frå mykje brukte toppturfjell. Denne turen går gjennom indrefileten av skiterreng i Sunnfjord, og etter tre tøffe etappar opp og ned desse brefalla vil sjølv dei sprekaste kjenne seg ”well done”.

  • Sesong: Mars – juni. Beste tida å gå turen er frå midten av april til midten av juni
  • Tid: Tre dagar
  • Stigning: 6400 høgdemeter 
  • Fall: 6920 høgdemeter
  • Lengd: 87 km
  • Utstyr: Breutstyr, skarejern/stegjern
  • Kart: Norge-serien: Førde, Ålfotbreen og Jostedalsbreen 1:50.000 dekkjer heile ruta
  • Tips: Det er lurt å lage ein god framdriftsplan på førehand. Start dagsetappane tidleg på morgonen for å unngå bratt og soleksponert terreng seint på dagen. Dagsetappane er lange, så du bør gå med lett utstyr og vere i god form. Undervegs har du fleire alternativ for å komme deg raskt ned igjen til sivilisasjonen, dersom du må avbryte turen.  Gradering etter terrengklassifisering, eksponerings- og vanskegrad er sett per dagsetappe ut frå den mest krevjande delen av etappen. Fleire stadar kan du velje alternative ruter for å finne mindre krevjande terreng om forholda skulle gjere det naudsynt.