Lengst vest kan du boltre deg i heisbasert laussnøkøyring i Jølster Skisenter, medan du lenger aust kan finne utfordringar i brefall og renneformasjonar. Området serverer nokre av dei mest besøkte og kjende skitoppane i Sunnfjord, men har også fleire mindre kjende fjell og nedkøyringar med høg kvalitet på menyen. Vis omsyn til villreinstammen som held seg i området.