Terrenget byr på brei variasjon i eit fjellområde nær Jostedalsbreen, noko som garantert vil gi deg den ekte og gode høgfjellskjensla! På grunn av nærleiken til breplatået er området spesielt snørikt, og fleire av turane gir deg oppstigning og nedkøyring på brearmar. Skei og Stardalen ligg godt til rette for den som vil utfordre seg på langtur til høge toppar, og som ønskjer dei grommaste nedkøyringane. Naturen i området har vore trekkplaster for turistar frå både inn- og utland i over 100 år, og gav grunnlag for overnatting- og hotelldrift. Det er eit ærefullt kvalitetsstempel for området at William Cecil Slingsby i boka «Til fjells i Norge» skildra korleis han opplevde turen han hadde langs fjella på nordsida av Kjøsnesfjorden.