Sidedalane ligg slik at det er mogeleg å finne god snø i ulike himmelretningar gjennom heile vintersesongen. Dei sørvende rutene ligg i solsida frå tidleg på sesongen. Fleire av turane kan du organisere som flotte rundturar, med oppstigning og nedkøyring i ulike dalføre. Vanskegraden i området varierer frå lette, familievenlege turar til utfordrande linjer i bratte sider og renner i alpint terreng.