Eit topptureldorado med talrike ­valmoglegheiter for både oppstigningar og ­nedkøyringar, i ulike vanskegrader frå begge dalføra. Dei andre turane i området er gode val for dei som er ute etter litt kortare eller familievenlege toppturar. Turane i Angedalen er alle nær Førde sentrum, og her kan du oppleve kortreist skiglede til alle døgnets tider når laussnøen lavar ned.