Dei fleste la nok turane sine opp til stølane og i dalføra i nærleiken av gardane sine, medan ungane hadde skileik og laga seg hoppbakkar på bøane. Sjølv om både utstyret og klede ofte var enkelt og spartansk, la likevel dei ivrigaste skiløparane ut på lange turar i høgfjellet. Terrenget  kunne vere både bratt og utfordrande, og bratte sider vart køyrde med heilt enkle treski, provisoriske bindingar og beksaumarar. Det fortel oss at mange må ha vore svært dugande skiløparar!

I ein periode vart det arrangert konkurranserenn som kunne gå over fleire fjellområde, og vere innom ulike grender. I Sunnfjordområdet gjekk eitt av desse renna mellom Hyen i Gloppen og Vassenden i Jølster. Ruta gjekk over Gjengedalsskaret til Vona i Naustdal, gjennom Trodalen til Angedalen i Førde og vidare til Flugestøylen i Jølster. I fjellområdet rundt Storehesten i Gaular vart det arrangert fjellrenn for skiløparar som likte å både gå langt og køyre bratt.  

Sidan kulturen og interessa for å gå på ski var sterk har det over tid blitt etablert fleire fjellskiturar, som enno er mykje brukte og som blir sett på som fjellskiklassikarar. Årdal i Jølster til Nes i Naustdal er nok den mest kjende, og vert kvart år sett opp på programmet til Indre Sunnfjord Turlag. Fleire av fjellskiklassikarane i området, t.d. rutene opp på breplatåa, går i terreng som er relativt bratt fjellskiterreng. Toppturutstyret vert stadig lettare, så kanskje dei gamle klassikarane får auka besøk i framtida? På bakgrunn av dette vel vi i dette kapittelet å skildre nokre av dei mest brukte fjellskiturane Sunnfjord har å by på. 

Vêr, snø og sesong: Fleire av fjellskiturane går til relativt høge toppar der snøen ligg lenge. Sjølv Blægja, som ligg ut mot havet, har ofte godt skiføre langt ut i mai månad. Lenger inne i landet, t.d. turane på Jostedalsbreen, har sesong som kan strekke seg langt ut i juni. På våren kan det likevel vere aktuelt å bere skia nokre høgdemeter. For rutene i dalføra varer skisesongen som regel ut i byrjinga av mai. På nokre turar kan ruta ligge over isdekte vatn, der kvaliteten på isen kan ha store variasjonar frå vinter til vinter. 

Meir informasjon: Visit Sunnfjord (www.sognefjord.no/sunnfjord), Indre Sunnfjord Turlag (www.isturlag.no), Skifantomets verden (www.skifantomet.com)

Fjellføring og kurs: Breogfjell AS (www.breogfjell.no), Tilfjells AS (www.tilfjellsas.no)