Den harde steinsorten frå Devon-tida for omlag 400 millionar år sidan har ført til at fjellpartiet står som eit monument i eit elles relativt flatt område. Med nærleiken til fjorden kjem våren tidlegare her enn elles i Sunnfjord, og du kan oppleve kontrasten mellom vårblomstring og grøne lier på dagar der snøen ligg som ei dyne over toppane.