FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Grovabreen

Grovabreen er ein gammal fjellskiklassikar der toppturbølgja har gitt liv til mange nye og spennande nedkøyringar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunndal
    • Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
    • Toppunkt: 1585
    • Høydemeter: 1100
    • Faremomenter: Om snøen er hard eller isete kan skarejern eller stegjern vere ein fordel siste partiet opp til breen. Innsteg på breen rundt 1450 moh.
    • Himmelretning: Nord og vest
    • Bratteste punkt: 24-27 grader
    • Startsted: Vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Januar – mai
    • Ekstra utstyr: Breutstyr.

    Oppstigninga langs Salsegga fører deg inn i eit mektig naturområde.  Her kjem du tett på Nikolai Astrup sitt kjende motiv «Kollen» og dei dramatiske fjellsidene i Kjøsnesfjorden. Frå det flate breplatået har du eit eldorado av nedkøyringar framfor skituppane dine. Vil du utfordre deg der det er heftig bratt? Eller går du heller for dei store kvite sidene med perfekt helling? Grovabreen har det meste for alle som likar seg på tur i storslått vinterdekt brelandskap! 

    Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. På Myklebust tek du av mot Dvergsdalsdalen, og køyrer langs den kommunale vegen til du kjem fram til toppturparkeringa i vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Køyr vegen fram til toppturparkeringa ved vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim.  

    5.10.1 Opp Grovabreen via Salsegga Utfordrande, E1, LV

    Denne oppstigninga gir den finaste utsikta på veg opp. Du følgjer skogsvegen mot Dvergsdalsstøylen, og tek av i søraustleg retning opp den bratte skogsvegen mot Fagredalen. Når skogsvegen flatar ut går du i austleg retning mot Støylsnova. Du følgjer ryggformasjonen over Tverrfjellet og Salsegga, og går vidare inn på breplatået mot toppunktet på 1585 moh.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøde: 480 moh.
    • Sesong: Januar – mai 
    • Himmelretning: Nord og vest
    • Stigning: 1100 høgdemeter 
    • Terrengformasjon: Rygg 
    • Brattaste punkt: 24-27 grader (1400-1460 moh.), 20-25 grader (940-1000 moh.)
    • Tips: Ruta Ned Støylsnova til Sægrov gir ein kort og fin rundtur
    • Utstyr: Breutstyr. 
    • Farar: Om snøen er hard eller isete kan skarejern eller stegjern vere ein fordel siste partiet opp til breen. Innsteg på breen rundt 1450 moh. 
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    5.10.2 Ned Grovabreen via Fagredalen Utfordrande, E1, GV

    Frå toppen av breplatået får du fin oppvarming i slakt terreng i vestleg retning før du ved 1400 moh. knekk over brekanten. Herifrå kan du ta eit spekter av ulike vegval i ei nydeleg kvit fjellside med variert helling. Det vanlegaste rutevalet følgjer brearmen som stikk lengst ned mot Fagredalen like vest for vatnet på høgde 1169 moh. Denne linja gir òg det slakaste terrenget. Vidare er det kosekøyring ut dalføret. For å unngå det siste bratte henget før Salsmyrane, held du på vestsida av dalføret. Deretter kryssar du Salsmyrane til nordsida av dalføret. No kan du velje om du vil køyre direkte ned til Dvergsdalsstøylen i open skog rett nord for Fagredalselva, eller om du vil følgje skogsvegen, som er skildra under oppstigninga, tilbake til parkeringa.

    Oppstigning: Denne ruta er også ei av dei vanlegaste oppstigningane til Grovabreen. Den er særleg aktuell når det er avblåse eller for lite snø over Salsegga. Du følgjer same rute som nedkøyringa, men i partiet frå vatnet på 1169 moh., er det vanleg å følgje ryggen i sørleg retning opp mot breplatået.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 480 moh.
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Nord og nordvest
    • Fall: 1100 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 29-31 grader (1400-1100 moh.), 27-30 grader (880-800 moh.) 
    • Tips: For å få fin skogskøyring kan du halde høgde ut Fagredalen mot ryggen ned frå Nyken. Herifrå køyrer du ned mot Dvergsdalsstøylen
    • Utstyr: Breutstyr
    • Farar: Ruta går over snødekt bre. Ver obs ved innsteg og utsteg frå breen.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    5.10.3 Ned Grovabreen via Nyken Utfordrande, E2, GV

    Frå toppunktet 1587 moh. køyrer du vestover mot høgda 1433 moh. Hald fram i nordleg retning langs ryggen mot Nyken. No ventar ei variert nedkøyring mot Dvergsdalsstøylen i til dels skogkledde lier. Frå stølen følgjer du skogsvegen tilbake til parkeringsplassen. 

    Oppstigning: Nedkøyringa kan også nyttast som oppstigning.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 480 moh.
    • Sesong: Januar - april
    • Himmelretning: Nordvest
    • Fall: 1100 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side og rygg
    • Brattaste punkt: 28-32 grader (1000-850 moh.)
    • Tips: Nyken kan også nyttast som kort topptur. Her har ein lokal skientusiast rydda trasé gjennom skogen ned til Dvergsdalsstøylen. For ei alternativ nedkøyring frå Nyken, følg søkket rett vest for øvre del av ryggen, fortsett ned i Trollebotnen og tilbake til Dvergsdalsstøylen.
    • Utstyr: Breutstyr. Skarejern eller stegjern kan vere aktuelt ved oppstigning
    • Farar: Ruta går over snødekt bre. Ver obs ved innsteg og utsteg frå breen
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    5.10.4 Ned Grovabreen via Sægrovstøylen Utfordrande, E1, V

    Nedkøyringa frå Grovabreen aust for Vidunderdalsvatnet til Sægrov er lang, og gir ei vakker naturoppleving med praktfull utsikt over Kjøsnesfjorden. Frå toppunktet 1585 moh., glir du i nordaustleg retning mot høgda 1564 moh. Køyr nordover ned sida mellom Vidunderdalsvatnet og Langeheia. Ned dalføret held du deg på austsida av elva mot Sægrovstøylen. Frå stølen følgjer du stien ned til Sægrov. Vanlegvis må du gå til fots det siste stykket på grunn av tett skog og bratt terreng. 

    • Sesong: Mars - mai
    • Himmelretning: Nord
    • Fall: 1360 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side og dal
    • Brattaste punkt: 35-38 grader (600 – 250 moh.), 25-30 grader (1070-980 moh.), 20-25 grader (1500-1070 moh.)
    • Utstyr: Breutstyr. 
    • Farar: Ruta går over snødekt bre. Sigesprekker på svaberg i nedre kant av breen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    5.10.5 Ned Grovabreen via Breelvskaret Komplekst, E2, V

    Denne lite brukte nedkøyringa har mange utfordringar for ein god skikøyrar som likar bratt terreng. Uansett kva oppstigning du vel, gir denne nedkøyringa ein ugløymeleg rundtur. Frå toppunktet på 1585 moh. går du i austleg retning til du er rett over vatnet på 1101 moh. øvst i skaret. Køyr ned det første henget mot brevatnet. Hald litt høgde over austsida av vatnet, og køyr vidare ned Breelvskaret. For å komme deg ned siste stykket må du vanlegvis velje ei av rennene på vestsida av Elvaneselva ned til Kjøsnesfjorden. Vel nede ved fjorden går du langs vatnet til Sygnesand.

    • Sesong: Februar – april
    • Himmelretning: Nord og nordaust
    • Fall: 1380 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 36-38 grader (650-570 moh.), 31-33 grader (1200-650 moh.), 25-28 grader (1460-1200 moh.)
    • Tips: Det er anbefalt å rekognosere snøforholda i nedre del av ruta før turen, sidan det kan verte nødvendig å rappellere. Dette partiet ser du best frå nordsida av Kjøsnesfjorden. 
    • Utstyr: Breutstyr 
    • Farar: Rennene og elvegjelet nedst i skaret samlar skredmassar frå heile dalformasjonen og utgjer ei betydeleg terrengfelle om det går skred.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    5.10.6 Ned Grovabreen via Sygnesandsdalen Utfordrande, E1, GV

    Dette er ei vanleg rute opp og ned frå breen, der du passerer fossen «Pissaren» som om sommaren står som ein stråle ut av fjellsida. Ruta startar frå breplatået, medan sjølve nedkøyringa startar rett nord for den mest markerte ryggen, 1444 moh. midt i Sygnesandsdalen. Du køyrer ned brefallet langs nordsida av ryggen ned i dalbotnen og vidare langs vestsida av elva ned til Sygnesand.

    Oppstigning: Nedkøyringa kan også nyttast som oppstigning.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 220 moh.
    • Sesong: Mars - mai
    • Himmelretning: Aust og nord
    • Fall: 1410 m
    • Terrengformasjon: Side og dal
    • Brattaste punkt: 29-32 grader (850-1180 moh.)
    • Tips: Det er mest vanleg å gå opp denne vegen om du skal køyre ned her, men oppstigning frå Dvergsdalsdalen gir ein fin rundtur. Ruta er eigna som oppstigning om du ønskjer å køyre ned Breelvskaret.
    • Utstyr: Breutstyr
    • Farar: Ruta går over snødekt bre. Brefallet nord for 1444 moh. er ofte veldig oppsprokke
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    5.10.7 Ned Støylsnova til Sægrov Utfordrande, E1, GV

    Dette er ein kort, men veldig fin rundtur der du får nokre ekstra høgdemeter nedkøyring i bonus i forhold til oppstigninga. Du følgjer ruta Opp Grovabreen via Salsegga til du når toppen av Støylsnova på 1072 moh. Køyr i nordaustleg retning ned mot Sundsstøylen. Hald deg på austleg side av elvegjelet. På høgde med Sundsstøylen er det rydda ei skogsløype ned til Sægrov, om lag 50 meter aust for elva.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 480 moh.
    • Seosong: Desember - april 
    • Himmelretning: Nordaust
    • Fall: 560 høgdemeter stigning, 860 høgdemeter nedkøyring
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 33-35 grader i småkupert skogskøyring (600-300 moh.) 29-31 grader (950-880 moh.)
    • Tips: Det er fleire fine linjer i nordaustleg retning langs heile ryggen. Det slakaste terrenget finn du frå det lågaste skaret mellom Støylsnova og Tverrfjellet.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå