Fossagrovi ser ein tydeleg frå parkeringsplassen på Selseng. Sørvestsida via Fossagrovi er det sjeldan forhold på. Dette er ein tur som bør gjerast på svært stabile forhold.

Parkering: Avkøyring er skilta Selseng frå riksveg 5 nord for Dalavatnet i Sogndalsdalen. Parkeringa ligg omlag 50 meter etter brua. Det er også fri parkering ved kafeén Uteplassen. 

Frå parkering følg ubrøyta veg mot Anestølen til omlag 750 meter. Ta av sør for Fossagrovi og etter Øyestølen. Følg skogen mellom Fossagrovi og skredfar oppover. Over skogen kjem ein til ein flanke med klipper i nordleg retning og ein rygg i sørleg retning. Her er det to val, enten mellom klippane i nordleg retning, eller ut på sørleg rygg og ta skiene på sekken. Dette er terreng som er kring 45 grader bratt og er krevjande å passere trygt. Når ein kjem over 1050 moh traverser ein i sørleg retning til ryggformasjonar sør av sørvestrenna. Følg denne opp på Strandafjellet.