Etter dagar med snøfall er dette ein plass du kan finne mykje urørt, kvitt gull.    

Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum følgjer du fv13 vidare mot Myravatnet. Like aust for garden Holtane finn du ei veglomme der du kan parkere. 

Du tek til på oppstigninga heilt nede ved vegen på nordsida av Myravatnet. Starten på turen er litt utydeleg. Etter å ha passert ei grind, må du forsere dei første høgdemetrane i litt tett skog. Du går opp aust for Skarelva. Det er nokre gjel langs elva, som du bør halde avstand frå. Frå Skarvatnet går du om lag rett vest oppover sida til toppen av Storfjellet. Her er det svake ryggformasjonar som er naturlege å følgje for å gjere gode sporval.