Her kan ein oppleve det storstilte og alpine utan å sjå for mange andre, kun omkransa av fire av dei ti høgaste og mest alpine fjella i landet. Skikøyringa er bratt med spennande brelandskap som til tider gaper mot ein. Sjølv om mykje av skikøyringa her kan bli oppstykka, inviterer topphenget til nesten 500 meter med bratt skikøyring på bre. Vidare har ein nesten 1000 høgdemeter attende til Turtagrø med små bakkar og mykje slakt terreng.

Følg skildring til Styggedalsbreen, Gjertvassbreen (rute 3.1 og 3.2) Frå Gjertvassbreen sin vestre kant, ser ein ei rampe som leier mot aust og Gjertvasstind. Følg denne og trekk etter kvart opp og sørover til Gjertvasskaret. Herfrå vidare vest til Store Styggedalstind via ryggen siste stykket.

Ei flott og alpin turoppleving. Best inngang til denne flanken varierer med snø og skavlar i tillegg til breen. Studer ruta nøye på veg opp. Følg ryggen austover frå toppunktet til du når breen der du kom opp på ryggen.