Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø køyrer du Tindevegen mot Soleiebotn. Parker ved bru over Tverrelvi eller Berdalsbotnen avhengig av kvar du ønskjer å kome ned.

Frå parkeringa ved Tverrelvi går du søraustover og inn på ryggen via Bukkanosi. Vidare langs vestryggen til Store Soleiebotntind. Han er ofte steinete og avblåsen. Varianten via Soleiebotnen og den nordvestvendte fonna har meir snø om du ønskjer å køyre ned her. Om du vil køyre nokre av linjene som er brattare, bør du vurdere å gå dei opp.

Denne renna kan vere vanskeleg å finne beste vegen til inngangen på, men det står ein varde eit lite stykke ned sørryggen mot Berdalsbreen. Frå varda følgjer ein ei skrå rampe ned i skaret mellom Store og Søre Soleiebotntind. Rampa er utsett når det ligg mykje snø der, og det kan vere eit lite parti med klyving for å nå inngangen på renna. Renna i seg sjølv er fin på soltint snø og leier ned til Berdalsbreen.