Framleis er dette ein fin tur på fjellski grunna inn- og utmarsjen i Ringsdalen.

Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen. Er Tindevegen opna, tar ein av sørover langs Tindevegen. Etter å ha kryssa Ringselvi, parkerer ein langs vegen rundt 1000 moh. Pass på at du ikkje sperrar for annan trafikk.

Er Tindefjellvegen stengd, startar ein frå Turtagrø og følgjer Tindefjellvegen til Ringselvi og vidare sørover på austsida av Ringselvi og inn Ringsdalen til 1200 moh i dalbotnen. Du ser no ein bratt vest-/sørvestvendt bakke som held fram heilt til topps på Store Dyrhaugstind. Denne fører deg opp på breen som du følgjer sørover mot Ringsskar og midtre Ringstind. Traverser vestover under Midtre Ringstind på om lag 1700 moh (her er det slakast). Hald vidare fram opp breen den enklaste og tryggaste vegen til Store Ringstind. Dei siste 50 høgdemetrane til topps er bratte (40 grader). Er Tindefjellvegen open, køyrer ein denne til 1000 moh på vestsida av Ringselvi og går herfrå. Ein kan krysse Ringselvi på ei lita demning på om lag 1000 moh, og halde fram inn dalen på austsida av elva eller på vestsida av elva frå parkeringa. Sjå kvar det ligg mest snø seint i sesongen.