Toppen har fleire nedkøyringsvariantar, og ryggen frå Nordre er med på å krydre denne turen. Ei fin, alpin oppleving som gir flott utsyn i mange retningar.

Tilkomst/parkering: Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen.

Følg rute 7.1 til toppen av Nordre Dyrhaugstind. Ta skia på sekken og hald fram langs egga til Store Dyrhaugstind. Eit punkt krev klyving opp ein hammar mot Store Dyrhaugstind. Elles kan ein del passerast på vestsida mot Ringsdalen. Fleire stader langs ryggen er det eksponert, så sikring bør vurderast av den einskilde.