Her kan ein avslutte skisesongen og starte klyvesesongen på ein og same tur. Ein fantastisk kombinasjon av alt det beste ein kan bruke tid på, medan ein ventar på sommaren. For å nå Store følg Nordvestryggen frå Vestre Austabotntind, skildra som rute nr 123 i boka Klatrefører for Jotunheimen.

Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø køyrer ein Tindevegen mot Årdal. Parker i Berdalsbotnen ved brua, eller før bommen på Berdalsbandet om ein går ryggen opp.

Frå bilen går ein søraustover til Hurrungbotnen og vidare austover langs elva. Frå skaret når ein Berdalsbreen. Ver merksam på vatnet som er blitt større dei siste åra fordi breen smeltar. Følg tryggaste vegen over breen austover til 1700 moh. Du ser no opp renna sør for deg. Gå bratt opp denne. Frå toppen av renna når du greitt vestre og midtre Austabotntind.