Under visse forhold kan det likevel vere mange fine småting å gjere her ved Stølsmaradalsbreen. Nordaustrenna held bra på tørrsnøen og er ei fin renne på litt over 200 høgdemeter.

Tilkomst/parkering: Som for Ringstindane

Følg skildringa som for Ringstind, frå Ringsbreen gjennom Ringsskar og sørover mot sørtoppen. Enten opp renna, eller rundt sørtoppen og inn frå søraust. Opp her og over sørtoppen og til Stølsmaradalstinden. Vegen via sørtoppen er vesentleg slakare.