Dette gjer Steinegga attraktiv ved nysnø tidleg i sesongen, og som kveldstur til langt ut på våren. For dei som søkjer bratte utfordringar, kan nedkøyringa på baksida mot Nedrebødalen vere freistande. 

Tilkomst/parkering: Fem kilometer aust for Vassenden tek du av mot Berg i Svidalen. Her finn du toppturparkering like vest for Bergselva, med parkeringsavgift. Dersom du vil gå frå Ålhus tek av E39 mot Øvrebø og følgjer fv454 om lag 1,2 km før du svingar til venstre mot Nedrebødalen. Parker ved driftsbygningen på første garden du kjem til. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området.

Frå parkeringa går du opp dyrka mark aust for Bergselva. Du passerer ein gamal gardsfjøs og går deretter vidare langs traktorvegen til du kjem til Gamlestøylen (550 moh.). Her svingar du nordaust til du møter nokre eldre stølshus inst i dalen. Like etter kryssar du elva og går nordover mot ein ryggformasjon. Denne ryggen fører deg først i slakt terreng nordvestover før den svinger mot nordaust til toppen.