Frå Berge går ein Bessdalen til Storebotn og opp sørvestsida til toppen. Eller ein kan gå via Sogndalseggi frå Anestølen (20.1), då kan Steindalseggi vere ein del av ein rundtur. 

Gå ned forbi toalettbygget og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går du opp vegen som går til brua over riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien til Storebotn. Følg slakaste veg opp sørvestsida til toppen. 

Ei fin nedkøyring der ein har store flankar rundt seg i fleire retningar. Følg den slakaste delen av sørvestflanken ned Storebotn. Sørvestsida byrjar på 600 høgdemeter med jamt bratt skikøyring på ei stor side, heilt ned til Storebotn. Frå Storebotn følgjer du sommarstien ned Bessdalen til Berge.