Steindalsbreen lenker saman Torstandnakkemassivet, Tverrdalstind og Barnakona med Steindalseggi og Sogndalseggi. Steindalsbreen er det nordlegaste delen av Sogndalsdalen rundt og er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark.  

Frå Horpedal går ein inn dalen til Blåbærstøylen. Derfrå følgjer ein sommarstien mot hytta som ligg på kanten av Steindalen. Frå Kollarhaugen til ein er inne i Steindalen går oppturen gjennom ei terrengfelle for skred. Vestflanken til Steindalsbreen går opp frå Storebotn. Når ein kjem opp vestflanken dreiar ein sørover mot høgaste punktet på breen, eventuelt går ein til Steindalsnipa. 

Nedfarten følgjer oppturen tilbake via Blåbærstøylen til Horpedal.