Vasskiljet går på toppen av Sprongdalseggi, og fjellet sjølv og fjella rundt er avrunda og austlandske i formene. Utsikt til Lodalskåpa, Austdalsbreen, Tverradalskyrkja og Hurrungane krydrar turen. Frå denne toppen inne i Breheimen nasjonalpark ser ein også ned i Skjåk, Sota Sæter ligg aust nede i Surtbyttdalen. Frå Sota Sæter bar ein robåtar opp til Styggevatnet på 1920-talet for turistguiding inn til Austdalsbreen. Tradisjonen fortset idag ifrå Jostedalen, no med kajakkar og motorbåt. Ferdselsvegen til austlandet gjekk i si tid rett nord for toppen, over Handspiki, mange dyregraver og pilspissfunn i området tyder på mykje aktivitet i gamle tider. Kanskje er ein heldig og ser nokre av dei få villreinane som er att i Breheimen på turen? 

Turen startar ved foten av dammen og går opp austover, vegen er open opp til toppen av dammen men her er det innkøyring forbode. Gå nordaustover langs hamralag og klipper til ein kjem til brei snøstripe som strekkjer seg frå toppen, følg denne austover, etter kvart bratt. Før den siste 40 graders bratta går ein ei hylle (som strekkjer seg nordaustover) for å sleppe unna dei brattaste partia på veg opp. Gå over stort snøfelt/sprekkfri bre til varden. Nedatt frå topp 1723 følgjer ein meir eller mindre oppturen, men frå 1400 moh kan ein tidleg på sommaren skreie heilt ned til vatnet i litt rufsete terreng, og så gå attende til dammen langs vatnet. Denne er beskrive som 18.1 på oversiktsbiletet.  

Mange brekursdeltakarar har vorte kloke og blaute i denne bratta, snøbakken har vore brukt til å øve sikringsteknikk på snø og oppbremsing i fire tiår av Jostedalen breførarlag. Om ein følgjer denne snøstripa heile vegen opp er det enklare å finne starten på nedkøyringa, men ein kan sjølvsagt også følgje normalvegen til Sprongdalseggen (18). Om ein greier å ta seg rett opp må skia på sekken og eventuelt isøks/stegjarn nyttast.