Går ein turen frå Berge til Sogndalseggi kan ein gjere ein liten alpin rundtur ved å gå ryggen vidare sørover på Sogndalseggi til Frudalsbreen. Derfrå kan ein køyre ned nordsida av Frudalsbreen til Storebotn. Sogndalseggi er og skildra i delkapittelet frå Anestølen (20.1, sjå side 110).    

Gå ned forbi toalettbygget og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går det ein veg opp til brua som kryssar riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien til Storebotn. Følg slakaste veg opp nordvestflanken opp til Skardvatnet og vidare opp til det lågaste punktet på Sogndalseggi. 

Det er ein nordvestleg nedfart til Storebotn frå den nordaustlege varden 1384 moh. Skli ned til Skardvatnet og følg flanken aust av elva som går frå vatnet og ned i Storebotn. Frå Storebotn følgjer du sommarstien ned til Berge.