På denne 1,5 kilometer lange fjellformasjonen er det fleire skilinjer og nedkøyringsalternativ. Sogndalseggi er eit bindeledd for mange rundturar og er den mest alpine delen av rundturen Sogndalsdalen rundt. Du kan også gå hit frå Berge i Fjærland.

Ved Anestølen ser ein sørsida på Sogndalseggi. Gå to kilometer innover Langedalen til Tverråni. Følg ein svak ryggformasjon opp langs Tverråni til du kjem opp i Haugabotn, om lag 820 moh. Drei meir sørleg og bruk slakaste ryggformasjonen i sørsida mot det lågaste punktet på Sogndalseggi. Skal oppturen gå til Frudalsbreen eller søraustrenna på Sogndalseggi, drei søraust ved om lag 1120 moh og gå i sørvestleg retning under fjellformasjonen og opp søraustrenna til ryggen.

På ryggen sør av fjellformasjon 1460 moh går ei renne ned i Haugabotn. Ein kan starte i lågaste punktet sør av fjellformasjonen 1460 moh eller frå ryggen som går vidare mot Frudalsbreen. Søraustrenna er ei flott renne som går over i ein flanke. I det siste henget ned mot Haugabotn bratnar det til. Under fjellformasjonen er det eit klippeparti. For å unngå klipper, søk mot indre delen av Haugabotn. Ein variant av denne nedkøyringa er å traversere austover under fjellformasjon og inn på nedkøyringa 4.5.2 frå austsida av same fjellformasjon. Ein unngår også klippepartiet ved denne varianten.