Lokale entusiastar har tynna i bjørkeskogen fleire stadar for å gjere området endå betre egna til laussnøkøyring. Det mest populære området er Kokkstadfjellet, 906 moh, nord for toppen av heisen. Ein kan også gå litt lenger, då kjem ein til Teigafjellet/Vardafjellet, 1018 moh.

Austsida av Kokkstadfjellet ned mot riksvegen gjev 400-450 høgdemeter fin skogskøyring med varierande helling. For å få ei fin fallinje bør ein vere nord om Vassli. Til nærmare Kokkstadfjellet ein kjem til meir krevjande er terrenget. I dette området har det gått snøskred som har sperra riksvegen. Turen endar opp nede ved riksvegen, ein må difor ordne seg skyss attende til Hodlekve. I periodar med god laussnø har Sogndal Skisenter organisert transport frå riksvegen, Laussnøbussen, attende til Hodlekve slik at skikøyrarar kan nytte denne gode skogskøyringa. 

Før skitrekket mot Vardafjellet er ferdig (prosjektert 2014/2015) går det eit trakkemaskinspor til Vardafjellet og Teigafjellet. På sørsida av Teigafjellet som ligg rett nord for Vardafjellet er det eit markert skar som du må køyre ned i. Før ein kjem ned i skogen er det nokre heng og bekkedalar som ein skal vere merksam på med tanke på skred. Ein fin nedfart får ein ved å følgje den markerte ryggen frå Teigafjellet ned til riksvegen.