Ein finn opne, moderat bratte sider, fin skogskøyring i le for vestaveret, men samstundes kan korte, bratte parti oppsøkast for meir spennande skikøyring. Hyttefolk og skientusiastar rydda skog og veita bekkar hausten 2006 frå vårstølen til fjellstølen (Vigdalstøl), og dette gjorde turen til Buskrednosi og Kattøyra mykje lettare. Vigdalstølen DNT-hytte er eit flott utgangspunkt for dei turane som vert skildra her, det er ein kort tur inn til hytta som ligg på om lag 770 moh ved foten av Buskrednosi. Granskogen her vart planta av vigdølen Hans Vigdal, skulelærar, naturmedisinar og fjellklatrar som åleine gjekk ruta Vigdals sva på Store Skagastølstind i 1890.

Komme dit: Ta av mot Vigdalen rett før Haukåsgjøltunnelen, vegen er til tider bratt oppover, så gode vinterdekk er kjekt å ha. Følg vegen til endes og parker på stor, utbrøyta parkeringsplass. Turane frå Vigdalen går alle frå parkeringsplassen på 550 moh, bomvegen som går vidare vert ikkje brøyta om vinteren. På hausten og på våren kan det vere mogeleg år om anna å køyre til parkeringsplassen på Vårstølen.