Normalveg E1, GV

Turen startar ved foten av dammen og går opp vestover. Gå rett opp dei skredtrygge sommarsnøbakkane, eller traverser inn i dei nordlege sidene av Vivakulen for meir og betre snø. Sjekk kvar du vil køyre ned på denne måten. Nord og aust for 1600-meterskota er det store sprekker, hald inne på flatene mot toppen der det er sprekkfritt, opp til toppen og flott utsikt. Frå kulen køyrer ein same vegen ned eller slepper seg ned lengre nord, 17.1, enn ein gjekk opp. Her er det nokre bresprekker høgt oppe.  

  • Lengd: 2–4 timar 
  • Tid: Juni–juli, eventuelt oktober for tidleg tur
  • Stigning: 550 høgdemeter
  • Himmelretning: NA, N
  • Brattaste punkt: 35–40 grader (1320–1400 moh)
  • Farar: Skred, bresprekker mot nordaust under toppunktet, utgliding.
  • Tips: Icetroll køyrer båt over Styggevatnet og kan leigast til å skysse ein inn vatnet til fine linjer som går frå Austdalsnuten lengre vest.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

17.2 Vivarenna E2, V

Renna ser ein mot vest medan ein køyrer bil oppover Fetbakkane mot Styggevassdammen. Frå brekul til renne til sommarleg lyng, denne renna er ein superklassikar på sommarsnø i Jostedalen. Bratte sidevegger i eit par hundre høgdemeter gjev rennekjensla. Både den lette anmarsjen rundt på nordsida med feller eller skia på sekken er skredtrygge alternativ på sommarsnø.

Turen startar ved foten av dammen og går opp vestover som ruta til Vivakulen. Ein finn renna greitt ved på å følgje dreneringslaupet som går austover rett nord for topp 1576, gå heilt opp på 1576 for finast nedkøyring. Renna er austvend, så sola kjem grytidleg her. Når snøsmeltinga er i gang for fullt går snøen kjapt nedst i renna, sjå på tilhøva frå vegen og vurder eventuelt nordsida på Vivakulen eller Sprongdalseggi som held lengre snømessig. Open konveks skibakke som gradvis bratnar ned mot 1500 moh, inngangen på renna er bratt, 45 grader pluss i 20 høgdemeter. Når ein kjem ut av den tronge delen av renna følgj med på snøen då den er meir eksponert for sol her, roten snø som dekker ur er ein dårleg kombinasjon i stor fart. På om lag 1100 moh er ein sidebratt strupe, 40 grader.

  • Lengd: 2–4 timer
  • Når: Mai–juli
  • Lengd nedkøyring: Omlag 550 høgdemeter
  • Himmelretning: A
  • Brattaste punkt: 35 grader i snitt, 45 graders punkt x 2
  • Farar: Stein i snøen, utgliding, terrengfelle.
  • Tips: Om du parkerer ved vegen er det sjølvsagt best å gå opp renna. Om ein parkerer ved dammen kan ein skrå ut av renna mot bilen. Ta ei tur i renna fyrst, så ein tur på Sprongdalseggi etterpå for om lag 1000 høgdemeter.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.