Bergsetdalen heiter den innerste delen av Krundalen. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Vetlenibba

Ei jamn og lang nedkøyring utan skog ventar den som jobbar seg opp på Vetlenibba, med masse plass til svingar og moderat vanskelege brevurderingar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Høydemeter: 1180
    • Faremomenter: Snøskred; soloppvarminga mogeleg allereie ved soloppgang, bresprekker.
    • Himmelretning: A, NA
    • Bratteste punkt: 32–35 grader
    • Tid opp/ned: 5–8 timar
    • Beste sesong: Mars–mai

    Sluttpunktet på turen er diffus der brebakkane etterkvart rundar inn på storbreen, men lunsj og storslått utsikt til Bergsetbreen på omlag 1580 moh er ein naturleg stoppestad. Dette er den einaste breturen i Krundalen vi kan gå god for tidlegare på vinteren grunna enklare bre, men vintersnø i desse store, jamne og svært nedsnødde flankane gjer risikoen for skred større. Vestavêret kan knapt finne betre plass å legge ifrå seg snø enn i Vetledalsbreen, på godt og vondt.

    Normalveg E2, V

    Kryss elva på eigna stad og gå opp på austsida av Vetledøla, på 1000 moh er eit bratt parti/hammar (37–40grader), vanlegvis går ein på nordsida her og så inn på ryggformasjonen som strekker seg oppover og vestover frå hammeren/bratt parti. Frå 1180 moh er ryggen mindre tydleg, og frå omlag 1280 moh startar breen. Herifrå kan ein gå nordover opp og mot drag/hylle på omlag 1360moh og inn på ryggen som er Vetlenibba. Fortsett opp ryggen til det flatar ut og finn eit godt utsiktspunkt inn i Bergsetbreen. Det er god plass til enorme svingar og fart ned Vetledalsbreen, eventuelt kan ein teste lårpumpen på 1200 høgdemeter kortsving i «alpejeger»-stil. God oversikt, og lite terreng og formasjonar til Jostedalen å vere gjev sunnmørske kjensler om ein følgjer oppturen nedover. Flatare terreng frå 900 moh kan omgåast ved å traversere innunder Vetlenibba for brattare og meir skredutsette bakkar. Frå omlag 680 moh kan ein vurdere å traversere vestover Krundalen for å sleppe seg ned den nederste delen av ei skogfri skredrenne som kjem frå Høgenibba. Dette lettar turen heimatt.

    • Lengd: 5–8 timar
    • Når: Mars–mai
    • Lengde nedkøyring: 1180 høgdemeter
    • Himmelretning: A, NA
    • Bratteste punkt: 32–35 grader (940–980 moh), 35 grader (1100–1120 moh), 32–35 grader (1340–1420 moh). Resten av bakken ligg mellom 27–30 grader
    • Farar: Kryssing av elva seint på året. Snøskred; soloppvarminga mogeleg allereie ved soloppgang. Bresprekker frå omlag 1250–1280 moh eller om ein bommar på ruta. I knekkpunkta og bratte område på breane er det alltid meir sprekker, om ein vel direkteruta ned breen.
    • Tips: Vinter og vår er denne ruta to forskjellige turar med ulike utfordringr. Anmarsjen inn i februar og mars kostar krefter og tek lang tid i mykje laussnø, mot april kan ein gjerne skøyte greit inn Bergsetdalen på skare. Vindtransport av laussnø inn i ruta frå Jostedalsbreen kan vere stor på vinteren og auke skredfaren i høgda, medan morgonsol og roten snø med påfølgande skredfare er vårproblematikken. 
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
    Vetledalsbreen i mars. Foto: Jostein Aasen. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå