Vangsen sett frå nord. / Toppturar i Sogn
Vangsen sett frå nord. / Toppturar i Sogn
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Vangsen

Det er fleire grunnar til at Vangsen er eit av dei mest kjende skiturfjella i Sogn og Noreg. Tilgjenge, snøsikkert, utsikt, lang sesong og at det er ein skikkeleg topp har ført Vangsen høgt inn på diverse lister over dei beste norske toppturane.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Toppunkt: 1757
    • Høydemeter: 1200
    • Faremomenter: Skred, bresprekker ved ekstreme tilhøve på hausten eller våren.
    • Himmelretning: N,V,A
    • Bratteste punkt: 35 grader
    • Tid opp/ned: 4,5–8 timar
    • Beste sesong: Desember–juli

    Det er god plass til mange svingar før ein kan kalle området oppkøyrt, samstundes er fjellet også den høgste toppen på austsida av dalen. Vangsen tyder «plogskjeret», og ein er ikkje skikkeleg jøstedøl før ein har vore her på ski! Seint og tidleg på året er turen kortare då ein kan køyre høgare med bil, sesongen varar som regel til juli før ein må bere ski, og ofte lengre.

    9 Normalveg E1, GV

    Frå Myri går ein slakt opp langs Vanndalsvegen, etter stølen kuttar ein svingar opp til resabakken som er den siste bakken før skoggrensa opp til flatene før Vanndalsvatnet. Gå over elva på omlag 1000 moh og så austover litt opp og ned mot nordsida. Ein rygg startar rett sør for midten på Vanndalsvatnet, vel her slakaste veg opp. Ikkje gå opp den fyrste ryggen lengre vest med mindre tilhøva er trygge, den er rekna som ei dårlegare vinterrute grunna større eksponering for skred. Den svake ryggen går over i ei side, ein held litt vest, så brattare og austover før ein bikkar kanten inn i den såkalla «superbowlen». Gå opp dette søkket mot sørvest til det flatar ut. Så sør opp bratt parti, før ei flate og ein følgjer ryggen til topps eller går rundt på den vesle breen, aust for toppen. Det er enklare, men litt lengre. Nedatt er mange småvariasjonar av normalveger både mogelege og kjekke. 

    • Lengd: 4,5–8 timar
    • Når: Desember–juli
    • Lengde nedkøyring: 1200 høgdemeter
    • Himmelretning: N,V,A
    • Brattaste punkt: 35 grader (1240–1260 moh) og parti på 40 grader ved 1500 moh. 
    • Farar: Skred, bresprekker ved ekstreme tilhøve på hausten eller våren.
    • Tips: Isen på Vanndalsvatnet kan kanskje kryssast om elva er open på våren? Sjå også etter røyrgata som går rett vest frå Vanndalsstølen, her kan ein skreie omlag 300 høgdemeter ekstra om ein har skyss oppatt til Myri.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    9.1 Direkte normalvegen E1, V

    Etter det bratte partiet på 1500 moh, skli ut flata rett nord og bikk over kanten på eigna stad. Følg fallinja, og etterkvart vestover og ned ryggen her og innpå oppoversporet. 

    • Når: Januar–mai
    • Lengde nedkøyring: 300 høgdemeter før ein er ute av skredterreng 
    • Himmelretning: N
    • Brattaste punkt: 35–40 grader (1300–1400 moh), 30 grader (1140–1200 moh)
    • Farar: Skred, skavl.
    • Tips: Spesielt på vårsnø er denne varianten fin. Kanskje kombinerast med ei kort, direkte linje frå toppen mot aust for meir bratt skreiing?
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Vangsen. Toppturar i Sogn.
    Oversiktskart over Vangsen. Toppturar i Sogn.
    Mykje spor på normalruta på Vangsen, og eit spor på direkteruta. På Myrhønna i April. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Mykje spor på normalruta på Vangsen, og eit spor på direkteruta. På Myrhønna i April. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    FRIFLYT.NO
    +
    Vangsen sett frå aust. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Turområde

    Myri

    Myri er det mest nytta utgangspunktet for skiturar i Jostedalen, og det er ikkje utan
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå