24.1 Opptur

Frå den vestlegaste garden  går ein over jordet til stølen Tråna. Herfrå er det ope kulturlandskap opp til tregrensa. Oppturen følgje den sørlegaste ryggformasjonen oppover. Kring 1050 moh går ein på vestsida av ryggen til ein kjem til toppen.  

  • Lengd: Kort 2–4 timar 
  • Lengde nedkøyring: 604 høgdemeter og 2,5 kilometer
  • Brattaste punkt: Under 30 grader  
  • Farar: Ingen 

24.1 Ned sørsida av Tyldringen E1, L

Nedfarten frå Tylderingen gjev god utsikt frå ryggen og sola i ansiktet. Ein kan følgje same veg ned som ein har gått opp. Det er mykje ope kulturlandskap slik at ein har god plass til å boltre seg i snøen. 

  • Når: Desember–mars/april
  • Farar: Ingen
  • Himmelretning: Sør
  • Lengde nedkøyring: 604 høgdemeter
  • Brattaste punkt: Under 30 grader 
  • Tips: Nyt solstrålane i dei kalde månadane og ikkje vent for lenge på sesongen før ein tek turen. 
  • Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.