Normalveg E3, V

Labb over markene frå Bergset, forbi uteløa etter grinda, og ta deg inn over små moreneryggar og finn vegen opp nordover gjennom meir eller mindre tett skog inn mot svaa under tuftebreen. Grunna småskogen er det ein stor fordel med mykje snø her. På sørsida av svaa finnes den greiaste oppturen, kryss etterkvart bratt oppover, til det flatar ut og Tuftebreen dukkar opp. Bratte sider med skredrenner på begge sider gjer at midten av dalen er mest fornuftig vegval, sjå an tilhøva på breen for beste vegval. Normalt sett vil det vere greiast på austsida av breen heilt i starten, før ein dreg innover mot midten. Breelver er ein fare midt på bretunga. Den lettaste vegen igjennom fallet går ofte vestover/til høgre på eit slags galleri eller ishylle når ein næmar seg dei bratte veggane i toppen av brefallet. Her går ein over store sprekker, så gode tilhøve er viktig. Eit anna alternativ er til høgre/aust for dei bratte veggane. Isras er ein reel fare under nær vertikale isveggar. Etter galleria bratnar det i snørenna tett i fjellet, her er den mest utsette delen av turen i høve utgliding. Vidare greit eit stykkje til før ein rundar inn på slakare breterreng mot Kråfjellet og utsikt inn i Bergsetbreen og utover Jostedalsbreen. Ein må vurdere tau også nedatt om tilhøva er vorte dårlege med roten snø. Nede på bretunga er det best å halde seg unna søkk i midten av breen, då det renn ein djup smelteelv her. Fronten av breen er svært oppsprukken, så vel ei trygg rute. Ned svaa er snøen mindre solpåverka lengre aust.

  • Lengd: 5–8 timar
  • Når: Mars–mai
  • Lengde nedkøyring: 1200 høgdemeter til toppen av Kråfjellet
  • Himmelretning: S, SA
  • Bratteste punkt: 30–35 grader (600–700 moh), 30–38 grader (1100–1200 moh). På breen vil terrenget endre seg, så i sjølve fallet kan brattleiken endre seg frå år til år. Når breane går attende vil dei normalt sett verte brattare.
  • Farar: Snøskred og utløpsområde for skred mesteparten av turen. Bresprekker og skjulte breelver på bretunga før brefallet, isras og sprekker i brefallet og vidare mot toppen av Kråfjellet. Utgliding på oversida av bresprekker.
  • Tips: Sidan turen er solvend er det på tide å byrje nedatturen før sola står på det høgste.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.