12.1 Opptur via Togga

Bruk oppturen 13.1 til Togga 1205 moh frå parkeringa. Frå toppen av Togga følgjer ein ryggen vestover ein kilometer til ein kjem til Togga 1340 moh. Til Togga 1340 moh er det 3,7 kilometer frå Brandhaugadn.

12.2 Ned sørvestsida av Togga 1340 moh E1, V

Frå toppen av Togga 1340 moh sklir ein sørvest mot salen vest på ryggen. Derfrå følgjer ein øvre kanten av sørflanken i vestleg retning til ein er under klippepartiet. Ein kryssar inn på ein annan sørflanke som er vest av ein startande rygg. Denne ryggen går over til å bli ei frittståande klippe. Ein følgjer sørflanken ned mot inngangen på renna som startar kring 1100 moh. Ein kan følje vestkanten av renna, eller ein kan krysse renna og følgje austkanten av skredfaret ned til Laugadalen. 

  • Når: Desember–mars
  • Farar: Skred, terrengfelle og utgliding
  • Himmelretning: Sørvest og sør
  • Lengd nedkøyring: 920 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i 100 høgdemeter (1340–1240 moh), 32–34 grader i 140 høgdemeter (1240–1100 moh) og 37–38 grader i 300 høgdemeter (1100–800 moh)
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.