Oversikt Frudalen frå nordaust. / Toppturar i Sogn.
Oversikt Frudalen frå nordaust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Togga 1205 i Sogn

Togga har ei stor nordside med terrengformasjonar som innbyr til vårskikøyring. Turen opp frå Frudalen går opp nordryggen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1205
    • Høydemeter: 705
    • Kilometer: 2.4
    • Faremomenter: Skred
    • Bratteste punkt: 32–34 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timar

    Frå Togga 1205 moh er det fint å følgje ryggen vestover til høgde 1340 moh eller Nystølsfjellet. Det er mest vanleg å gå på Togga frå Gunvordal (13.1, sjå side 66).  

    13.6 Opptur

    Frå rasvollen ved riksvegen følgjer ein slakaste terrenget opp på nordaustryggen til Togga 1205 moh. Det er ein smal, bratt og eksponert passasje langs ryggen mellom 920–960 moh. Alternativ opptur er 13.1 søraustryggen på Togga.

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Lengd nedkøyring: 705 høgdemeter og 2,4 kilometer
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 600 høgdemeter (600–1200 moh) og 36–38 grader i 40 høgdemeter (920–960 moh)
    • Farar: Skred 
    • Tips: Det kan vere behov for isøks og stegjern eller skarejern.

    13.6 Ned nordaustryggen frå Togga 1205 moh E2, V

    Nordaustryggen er ein av fleire nedfartar frå Togga 1205 moh. Denne varianten vert oftast nytta mot slutten av sesongen. Skikøyringa ned til Frudalen er fin. Følg nordaustryggen ned til Skredene og vidare ned til riksvegen. 

    • Når: April–mai
    • Farar: Skred, utgliding og klippe. Terrenget aust for Skredene har mykje klipper.
    • Himmelretning: Nord/nordaust
    • Lengd nedkøyring: 705 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 36–38 grader i 40 høgdemeter (960–920 moh) og 32–34 grader i 600 høgdemeter (1200–600 moh)
    • Tips: Turen er ei kort og direkte linje, med mykje køyring frå Togga. Snøen held seg ofte lenger i nordsider og kan vere fin mot slutten av sesongen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Togga har mykje leikent terreng. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Togga har mykje leikent terreng. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    FRIFLYT.NO
    +
    Ut Frudalen. Foto: Andreas Haslestad
    Turområde

    Frudalen

    Frudalen ligg øvst i Sogndalsdalen og har mange fine skiturar å by på. Klassikaren i
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå