Togga frå søraust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Togga 1205

Togga er ein godt etablert og mykje nytta topptur i Sogndalsdalen. Ein av grunnane til det kan vere at det er ein av dei kortaste turane som fører til eit toppunkt i området. I tillegg får ein god utsikt mot Hurrungane og andre toppar i Sogndalsdalen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1205
    • Høydemeter: 785
    • Kilometer: 2.7
    • Faremomenter: Skred. NB: På søraustryggen (normalvegen) er det eit brattare parti der skiløparar har utløyst snøskred under opptur når det er ustabile snøforhold.
    • Bratteste punkt: 33–35 grader
    • Tid opp/ned: 2–4 timar

    Ein kan også få fin skogskøyring i skogbeltet ned igjen. I denne boka har vi med 6 nedfartar frå Togga (nedfartane til Frudalen er skildra på side 74/75). Normalvegen er søraustryggen opp og ned. Sørsida har to nedfartar, nordsida har ein nedfart og austsida har to nedfartar. Elles kan det nemnast at lokal skihistorie hevdar at den første toppturen på Togga var i 1985, og at den øvste bjørka oppe ved Orraleiken har det lokale namnet «Johannes-bjørka». 

    13.1 Opptur Normalvegen

    Start frå toppturparkeringa på Brandhaugadn. Gå mot søraustryggen og følg denne oppover. Når skogen tar slutt kjem ein brattare passasje. Når ein kjem opptil Orraleiken flatar det ut. Etter Orraleiken blir det jamt bratt til toppunktet Togga 1205 moh. Dersom ein skal ned igjen sørsida fortset ein ryggen vestover 250 meter til høgde 1240 moh. Før denne høgda er det eit kort brattare parti som det ofte dannar seg ein skavl på. Drei sørover for å komme opp skavlen. Høgda vest av skavlen er startpunktet for nedfarten ned sørsida av Togga til Laugadalen.  

    • Lengd: Kort 2–4 timar
    • Lengde nedkøyring: 785 høgdemeter til Togga 1205 moh og 2,7 kilometer 
    • Brattaste punkt: 33–35 grader i 80 høgdemeter (940–1020 moh)
    • Farar: Skred. NB: På søraustryggen (normalvegen) er det eit brattare parti der skiløparar har utløyst snøskred under opptur når det er ustabile snøforhold. 

    13.1 Ned normalvegen ned søraustryggen av Togga E1, GV

    Frå toppen av Togga 1205 moh sklir ein i søraustleg retning ned til Orraleiken 1020 moh. Her dreiar ein austleg og fortset ned eit brattare parti før ein kjem inn i skogen. Ein kan følgje ryggen ned eller ein kan ta ei direkte linje ned austflanken under Orraleiken. Følg skogen i fallinja ned til riksvegen.  

    • Når: Desember–mars
    • Farar: Skred
    • Himmelretning: Søraust og aust
    • Lengde nedkøyring: 785 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 33–35 grader i 80 høgdemeter (1020–940 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    13.2 Ned sørsida av Togga, direktevarianten E1, GV

    For å komme til startpunktet for sørsida må ein fortsette å gå 250 meter vestover ryggen frå Togga 1205 moh. Ofte ligg det ein skavl midtvegs til høgda 1240 moh som ein kryssar ved å skrå mot sør. Linja går ned i søraustre sektor av toppflanken med skavlformasjonen på skiløpars venstre side. Skalvformasjonen forsvinn på kring 1050 moh. Etter skavlformasjonen blir det eit brattare parti. Ein kjem ned i Gunvordalen/Laugadalen innanfor traktorvegen. Når ein møter traktorvegen må ein trakke opp igjen 10 høgdemeter før ein kan stake og skli ned traktorvegen til parkeringa. 

    • Når: Desember–mars
    • Farar: Skred og skredbane for snøskred
    • Himmelretning: Søraust og sør
    • Lengde nedkøyring: 820 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 34–36 grader i 60 høgdemeter (1020–960 moh)
    • Tips: Eit tips er å traversere vestover når ein kjem ned mot dalen før krattskogen for deretter å skli tilbake igjen mot traktorvegen.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    13.3 Ned sørsida av Togga, austleg variant E1, GV

    For å komme til startpunktet for sørsida må ein gå 250 meter vestover ryggen frå Togga 1205 moh. Ofte ligg det ein skavl midtvegs til høgda 1240 moh som ein kryssar ved å skrå mot sør. Linja går ned i søraustre sektor av toppflanken med skavlformasjon på skiløpars venstre side. Skalvformasjonen forsvinn på kring 1050 moh. Ein kryssar renneformasjonen slik at ein kjem under Togga 1205 moh og sklir i austleg retning til ein kjem til open skog. Følg den opne skogen ned til traktorvegen i Gunvordalen/Laugadalen. 

    • Når: Desember–mars
    • Farar: Skred
    • Himmelretning: Søraust og sør
    • Lengde nedkøyring: 820 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 34–36 grader i 60 høgdemeter (1020–960 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    13.4 Ned austsida over Orraleiken E1, GV

    Ved dette alternativet følgjer ein søraustryggen nedover til kring 1100 moh. Der startar det eit brattare parti som går ned mot eit flatare område (1060 moh). Ein dreiar aust og ut på austflanken i lågaste punktet i dalformasjonen. Austflanken startar frå kanten av søraustryggen og går i fallinja mot dalen. Nedre del av flanken treng ein del snø for å legge ned vierkrattet. Dersom det er lite snø dreier ein mot ryggen før ein kjem ned i dette krattet.

    • Når: Desember–mars
    • Farar: Skred
    • Himmelretning: Søraust og aust
    • Lengd nedkøyring: 785 høgdemeter
    • Brattatste punkt: 33–35 grader i 80 høgdemeter (1020–940 moh)
    • Tips: NB: Skiløparar har fleire gongar løyst ut flakskred i denne austlege flanken
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    13.5 Ned austsida ved Høgde 1140 moh E2, V

    Inngangen til denne nedfarten er kring 1140 moh ved eit slakare parti på søraustryggen. Ofte er det skavlformasjonar både på nord og sørsida av ryggen. Lokaliser inngangen og drei aust og ut på ein konveks inngang. Søk skiløpars venstre mot austflanken til ein har oversikt over austsida. Når ein kjem inn på austflanken følgjer ein den ned til dalen og vidare til Vatnasete. Denne nedfarten krev stabile snøforhold. Det er ingen sikre stoppestadar ned austsida. 

    • Når: Februar–april
    • Farar: Skavl, skred og skredbane for snøskred
    • Himmelretning: Aust
    • Lengde nedkøyring: 785 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 36–40 grader i 140 høgdemeter (1140–1000 moh) og 33–36 i 300 høgdemeter (1000–700 moh)
    • Tips: Denne nedfarten krev stabile snøforhold.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Mykje fin skogskøyring frå Togga. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå