FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Synnevaskjer

Synnevaskjer har vore mykje brukt som ein klassisk fjellskitur frå Hodlekve. Dei seinare åra har nordsida av Synnevaskjer blitt nytta som topptur frå Gunvordalen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1543
    • Høydemeter: 1123
    • Kilometer: 6.6
    • Faremomenter: Skred
    • Bratteste punkt: 32–34 grader
    • Tid opp/ned: 5–10 timar

    Oppturen går via Strupen som ligg vest av Nonsholten og høgde 1387 moh. Direktelinja ned nordsida har inngang i den austlege enden av skavlen og ned i Laugadalen. Skavlen på Synnevaskjer kan bli stor og kan gjere inngangen til den austlege varianten vanskeleg. Den vestlege varianten går frå toppen i meir nordvestleg retning og kjem ned innafor Laugavatnet. 

    8.1 Opptur via Strupen

    Ein kan bruke oppturen til Nonsholten (4.1) eller ein kan bruke Grånipa oppturen (6.1) til høgde 1387 moh. Rund sør av høgde 1387 moh og skli ned i Strupen (1250 moh). Austsida ned til Strupen er 35 grader bratt. Fortsett langs ryggen på nordsida mot Høgafjellet. Kring 1350 moh blir terrenget slakare. Skal ein til nordsida av Synnevaskjer går ein til Høgafjellet. Går turen til den nordvestlege varianten, går ein inn breen til toppvarden på Synnevaskjer.    

    • Lengd: Lang 5–10 timar
    • Lengde nedkøyring: 1123 høgdemeter og 6,6 kilometer
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 50 høgdemeter (1300–1250 moh (ned til Strupen)) og 30–33 grader i 40 høgdemeter (1260–1300 moh)
    • Farar: Skred

    8.2  Ned nordsida av Synnevaskjer E1, GV

    Lokaliser inngangen frå Høgafjellet. Inngangen og brattheita vil variere etter korleis skavlen bygger. Nedfarten følgjer austleg sektor av nordbollen. Nordsida er jamt bratt med eit slakare parti kring 1130 moh. I nedre flanke er det eit belte med småklipper og stein. Drei svakt i vestleg retning før ein kjem ned i Laugadalen. Følg Laugadalen tilbake til parkeringa i Gunvordalen.

    • Når: Februar–mai
    • Farar: Skavl, skred, terrengfelle, klippe og utløpsområde for skred i Laugadalen/Gunvordalen 
    • Himmelretning: Nord
    • Lengd nedkøyring: 1123 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 35 grader i 40 høgdemeter (1480–1440 moh) og 33 grader i 200 høgdemeter (1100–900 moh)
    • Tips: Austleg heng nede i Laugadalen er skredutsett terreng på grunn av vestavinden ned i dalen. 
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    8.3 Ned nordvestsida av Synnevaskjer E1, V

    Frå Synnevaskjer sklir ein nordvestover til kring 1320 moh. Ein får då nordryggen sine klippeparti på austsida. Følg nordflanken nedover. Drei svakt vest og inn på nedste flanke som tek ein ned i Laugadalen. Gå over Laugavatnet og skli ut Laugadalen til parkeringa i Gunvordalen. 

    • Når: Februar–mai
    • Farar: Skred, terrengfelle, klippe og utløpsområde for skred i Laugadalen/Gunvordalen 
    • Himmelretning: Nordvest og nord
    • Lengde nedkøyring: 1123 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 30–32 grader i 160 høgdemeter (1300–1140 moh) og 33–35 grader i (1140–980 moh)
    • Tips: På vårsnø kan ein skli ut Laugadalen/Gunvordalen utan å ta på fellene igjen
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn
    Inngangen til nordsida av Synnevaskjer 8.2. Foto: Frank Optun Smedegård. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå