2.1 Opptur

Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind på høgre hand. Rett etter grinda dreiar du oppover mot Svarteholten. Kring 800 moh blir det brattare, skrå mot aust slik at du kjem aust av Svarteholtryggen. Fortsett til kring 880 moh, drei deretter mot vest og gå opp på Svarteholtryggen i lågaste punktet. Følg ryggen til toppvarden på Svarteholten.

  • Lengd: Kort 2–4 timar 
  • Lengd nedkøyring: 720 høgdemeter og 2,7 kilometer
  • Brattaste punkt: 30 grader i 120 høgdemeter (780–900 moh)
  • Farar: Fjernutløyse skred på austsida av Svarteholtryggen 

2.1 Ned nordsida av Svarteholten E1, LV

Nedturen følgjer oppturen. Følg ryggen eit stykke før du sklir i austleg retning, og følgjer dalen som ligg aust av ryggen. Etter dalformasjonen kjem du ned i ein fin og open skog. 

  • Når: Desember–mai
  • Farar: Skred 
  • Himmelretning: Nord
  • Lengde nedkøyring: 720 høgdemeter
  • Brattaste parti: 30 grader i 120 høgdemeter (900–780 moh)
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog  eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

2.2 Ned vestsida av Svarteholten E1, GV

Frå toppunktet sklir du ned i lågaste punktet mot bollen under Blåfjell. Herfrå dreiar du mot nordflanken på Blåfjellet. Følg denne i vestleg sektor og hald høgda slik at du kjem ut att nedanfor Svarteholten og treff myrene. Derfrå er det tilbake til parkeringa.

  • Når: Februar–mai
  • Farar: Skred 
  • Himmelretning: Vest og nord
  • Lengde nedkøyring: 720 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i 60 høgdemeter (1080–1020 moh) og 34–35 grader i 100 høgdemeter (900–800 moh)
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.