28.1 Opptur

Frå parkering følg ubrøyta veg mot Anestølen til omlag 750 meter. Ta av sør for Fossagrovi og etter Øyestølen. Følg skogen mellom Fossagrovi og skredfar oppover. Over skogen kjem ein til ein flanke med klipper i nordleg retning og ein rygg i sørleg retning. Her er det to val, enten mellom klippane i nordleg retning, eller ut på sørleg rygg og ta skiene på sekken. Dette er terreng som er kring 45 grader bratt og er krevjande å passere trygt. Når ein kjem over 1050 moh traverser ein i sørleg retning til ryggformasjonar sør av sørvestrenna. Følg denne opp på Strandafjellet. 

  • Lengd: Middels 3–6 timer
  • Lengde nedkøyring: 810 høgdemeter og 2,7 kilometer
  • Brattaste punkt: 40–42 grader i 100 høgdemeter (950–1050 moh) og 35 grader i 200 høgdemeter (1050–1250 moh) 
  • Farar: Fossagrovi og skredfaret sør av elva er skredbaner og terrengfeller for snøskred. Passasjen opp til høgde 1050 moh er krevjande og i utsett terreng. Det er ein tur som bør gjerast på svært stabile forhold.

28.1 Ned Strandafjellet via Fossagrovi E2, MV

Kjem ein frå Torstadnakken bør ein vere kjent med terrenget og snøforholda i sørvestsida før ein tek seg ned sørvestrenna som starta kring 1250 moh. Denne renna ligg 500 meter sør for renna som er inngangen til Fossagrovi. Sørvestrenna er 35 grader. Når renna blir mindre bratt, traverser nordover til ryggen sør for Fossagrovi kring 1080 moh. Hald ryggen nedover mellom klipper (42–45 grader) til det opnar seg ein flanke kring 1000 moh. Følg dei opne områda og skogen ned til Øyestølen. Når ein kjem ned i dalen følg ubrøyta veg som ofte har skispor til parkeringa på Selseng.

  • Når: Desember–mai
  • Farar: Eksponert terreng i skredrenne, klippe og stup. Topprenna endar i eit stup. Fossagrovi og skredfaret sør for elva er skredbaner for snøskred.  
  • Himmelretning: Sørvest
  • Lengde nedkøyring: 810 høgdemeter 
  • Brattaste punkt: 35 grader i 200 høgdemeter (1250–1050 moh) og  40–42 grader i 100 høgdemeter (1050–950 moh)
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.