Sprongdalseggi sett frå vest. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Sprongdalseggi

Saman med Vangsen er Sprongdalseggi den siste turen ein normalt sett kan gjennomføre på ski utan bering, her kan det i prinsippet vere 12 månadars sesong. Vanlegvis vert det om lag 150 høgdemeter bering av ski i slutten av juli.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Toppunkt: 1723
    • Høydemeter: 520
    • Faremomenter: Utgliding inn i utsmelta ur, overflateskred, stein som stikk opp. Bresprekker
    • Himmelretning: NV,V
    • Bratteste punkt: 30–32 grader
    • Tid opp/ned: 2,5–4,5 timar
    • Beste sesong: Juni–juli

    Vasskiljet går på toppen av Sprongdalseggi, og fjellet sjølv og fjella rundt er avrunda og austlandske i formene. Utsikt til Lodalskåpa, Austdalsbreen, Tverradalskyrkja og Hurrungane krydrar turen. Frå denne toppen inne i Breheimen nasjonalpark ser ein også ned i Skjåk, Sota Sæter ligg aust nede i Surtbyttdalen. Frå Sota Sæter bar ein robåtar opp til Styggevatnet på 1920-talet for turistguiding inn til Austdalsbreen. Tradisjonen fortset idag ifrå Jostedalen, no med kajakkar og motorbåt. Ferdselsvegen til austlandet gjekk i si tid rett nord for toppen, over Handspiki, mange dyregraver og pilspissfunn i området tyder på mykje aktivitet i gamle tider. Kanskje er ein heldig og ser nokre av dei få villreinane som er att i Breheimen på turen? 

    Normalveg E1, GV

    Turen startar ved foten av dammen og går opp austover, vegen er open opp til toppen av dammen men her er det innkøyring forbode. Gå nordaustover langs hamralag og klipper til ein kjem til brei snøstripe som strekkjer seg frå toppen, følg denne austover, etter kvart bratt. Før den siste 40 graders bratta går ein ei hylle (som strekkjer seg nordaustover) for å sleppe unna dei brattaste partia på veg opp. Gå over stort snøfelt/sprekkfri bre til varden. Nedatt frå topp 1723 følgjer ein meir eller mindre oppturen, men frå 1400 moh kan ein tidleg på sommaren skreie heilt ned til vatnet i litt rufsete terreng, og så gå attende til dammen langs vatnet. Denne er beskrive som 18.1 på oversiktsbiletet.  

    • Lengd: 2,5–4,5 timar
    • Når: Juni–juli
    • Lengde nedkøyring: Maks 520 høgdemeter
    • Himmelretning: NV,V
    • Brattaste punkt: 30–32 grader (1520–1480 moh), parti over 30 grader (1420–1380 moh)
    • Farar: Utgliding inn i utsmelta ur, overflateskred, stein som stikk opp. Bresprekker.
    • Tips: Styggevasshytta ligg ikkje langt frå denne ruta og kan vere ein avstikkar om det er nok snø. Styggevasshytta vart bygd av jostedøler på starten av 30-talet og vart flytta ein god kilometer nordover etter kraftutbygginga på 80-talet.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    18.2 Snøbakken E1, V

    Mange brekursdeltakarar har vorte kloke og blaute i denne bratta, snøbakken har vore brukt til å øve sikringsteknikk på snø og oppbremsing i fire tiår av Jostedalen breførarlag. Om ein følgjer denne snøstripa heile vegen opp er det enklare å finne starten på nedkøyringa, men ein kan sjølvsagt også følgje normalvegen til Sprongdalseggen (18). Om ein greier å ta seg rett opp må skia på sekken og eventuelt isøks/stegjarn nyttast. 

    Frå toppen: ein grei start går over i svært bratt og kort parti med lite fallkonsekvens så lenge det er godt med snø i botn av bratta. Følg deretter snøstripa heilt ned til vatnet, eller ta av mot dammen rundt 1260 moh.

    • Når: Juni–juli
    • Lengde nedkøyring: 350–400 høgdemeter 
    • Himmelretning: NV
    • Brattaste punkt: 40–45 grader (1500–1460 moh)
    • Farar: Utgliding i stein, overflateskred, roten snø nederst
    • Tips: Kombiner turen med Vivarenna for ein bratt dag på sommarsnø.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Frå Sprongdalseggi. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå