Oversikt Berge og Bessdalen frå vest. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Sogndalseggi-Sogn

Sommarstien inn til Storebotn går vidare til Anestølen. Dette er ei gamal ferdselsåre mellom Fjærland og Sogndal. Som topptur er det lettare å gå opp flanken under Skardvatnet og vidare til Sogndalseggi enn å følgje sommarstien.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1384
    • Høydemeter: 1184
    • Kilometer: 6.8
    • Faremomenter: Skred og utlaupssoner for skred
    • Bratteste punkt: 30–33 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timar

    Går ein turen frå Berge til Sogndalseggi kan ein gjere ein liten alpin rundtur ved å gå ryggen vidare sørover på Sogndalseggi til Frudalsbreen. Derfrå kan ein køyre ned nordsida av Frudalsbreen til Storebotn. Sogndalseggi er og skildra i delkapittelet frå Anestølen (20.1, sjå side 110).    

    20.7 Opptur

    Gå ned forbi toalettbygget og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går det ein veg opp til brua som kryssar riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien til Storebotn. Følg slakaste veg opp nordvestflanken opp til Skardvatnet og vidare opp til det lågaste punktet på Sogndalseggi. 

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Lengde nedkøyring: 1184 høgdemeter og 6,8 kilometer
    • Brattaste punkt: 30–33 grader i 200 høgdemeter (1000–1200 moh)
    • Farar: Skred og utlaupssoner for skred

    20.7 Ned nordvestsida E1, GV

    Det er ein nordvestleg nedfart til Storebotn frå den nordaustlege varden 1384 moh. Skli ned til Skardvatnet og følg flanken aust av elva som går frå vatnet og ned i Storebotn. Frå Storebotn følgjer du sommarstien ned til Berge. 

    • Når: Februar–april 
    • Himmelretning: Nordvest
    • Lengde nedkøyring: 1184 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 30–33 grader i 200 høgdemeter (1200–1000 moh)
    • Tips: Frå Storebotn kan ein utvide turen med å gå opp igjen på Nyastølseggi eller Steindalseggi før ein sklir ned att til Berge
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Nordvestsida frå Sogndalseggi 20.7. Foto: Anne Marte Snøtun. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå