Oversikt Berge og Bessdalen frå vest. / Toppturar i Sogn.
Oversikt Berge og Bessdalen frå vest. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Skredfjellet og Middagshaugen

Skredfjellet har kanskje ikkje eit tiltalande namn, men fjellet har flott utsikt og ein snill ryggtravers nordover mot Middagshaugen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1030
    • Høydemeter: 830
    • Kilometer: 4.3
    • Faremomenter: Skred
    • Bratteste punkt: 32–34 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timar

    Det er ikkje mange haugar i Noreg som har utsikt som kan måle seg med Middagshaugen. Denne turen kan gjerast som rundtur frå Berge til Horpedal eller motsatt.

    29.1 Opptur

    Gå ned vegen forbi toalettbygget på rasteplassen, og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går du vegen vidare opp til brua som kryssar riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien. Etter ein god kilometer tek du nordover og følgjer sommarstien til Horpedal via Endrestølen. Når du kjem opp på myrene, kring 700 moh, skrår du mot vest og siktar deg inn på midten av ryggen mellom Skredfjellet og Middagshaugen. Ta slakaste vegval opp austsida for å komme opp på ryggen. Opp på ryggen går du sørover til toppen av Skredfjellet. Gå attende på ryggen og vidare opp på Middagshaugen. Ein alternativ veg opp er frå Horpedal via Endrestølen (29.3 side 152) og opp på Middagshaugen. 

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Lende nedkøyring: 830 høgdemeter og Skredfjellet 4,3 km/1,8 km mellom Skredfjellet og Middagshaugen
    • Brattaste punkt: Frå Berge: 30–33 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh) Frå Horpedal 29.3: 32–34 grader i 120 høgdemeter (540–660 moh) og 30–33 grader i 120 høgdemeter (800–920 moh)
    • Farar: Skred

    29.2 Ned austsida av Middagshaugen E1, GV

    Austflanken på Middagshaugen gir flott nedkøyring. Flanken byrjar 250 meter sør for toppen av Middagshaugen og går ned austsida mot Gamlestølskrærne. Skli vidare frå Gamlestølskrærne og sørover myrene til nedfarten til Bessdalen som startar kring 700 moh. Her er det open og fin skog ned til sommarstien i Bessdalen. Følg denne ned til Berge. Alternativ nedfart til Horpedal via Endrestølen (sjå 29.3 side: 152). Følg sommarstien til Endrestølen og ned til Horpedalen. 

    • Når: Februar–april
    • Farar: Skred
    • Himmelretning: Aust og sør
    • Lengde nedkøyring: 830 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Til Berge: 30–33 grader i 120 høgdemeter (920–800 moh) Til Horpedalen (29.3): 30–33 grader i 120 høgdemeter (920–800 moh) og 32–34 grader i 120 høgdemeter (660–540 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Postkortutsikt fra Skredfjellet.Foto: Hans Kristian Krogh-Hansen. / Toppturar i Sogn.
    Postkortutsikt fra Skredfjellet.Foto: Hans Kristian Krogh-Hansen. / Toppturar i Sogn.
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå