Oversikt Lammanipa og Frudalsfjellet frå nord. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Skjerdingane på Frudalsfjellet

Dette er ikkje ein sjølvstendig topp, men ein alpin ryggformasjon mellom Lammanipa og Frudalsbreen, 1598 moh. Skjerdingane på Frudalsfjellet er ein fjellhammar langs denne ryggen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1420
    • Høydemeter: 976
    • Kilometer: 6.5
    • Faremomenter: Skred, klippe og utgliding
    • Bratteste punkt: 44–48 grader
    • Startsted: Selseng
    • Tid opp/ned: 3–6 timer
    • Ekstra utstyr: Isøks og stegjern

    Dersom ein ønskjer å komme seg vestover eller austover denne ryggformasjonen krev det klatring. For å komme til startpunktet til nordflanken på Skjerdingane og nordaustflanken på Skjerdingane er den lettaste tilkomsten frå Anestølen via Haugabotn.

    19.1 Opptur

    Frå Anestølen går ein 2,5 kilometer inn i Langedalen og tek vest opp i Haugabotn. Ein startar oppturen der nordrenna til Lammanipa kjem ned i Haugabotn, herfrå dreiar ein svakt vestover oppover. Følg det slakaste terrenget oppover. Kring 1100 moh delar oppturen seg i to. Den austlege varianten går til nordflanken og den vestlege varianten går til nordaustflanken.   

    • Lengd: Middels 3–6 timer frå Selseng
    • Lengde nedkøyring: 976 høgdemeter (620 høgdemeter til Haugabotn) og 6,5 kilometer 
    • Brattaste punkt: 32–36 grader i 500 høgdemeter (840–1340 moh), toppen av nordflanken er 44–46 grader i 80 meter (1340–1420 moh), toppen av nordaustflanken er 44–48 grader i 80 meter (1340–1420 moh)
    • Farar: Skred, klippe og utgliding
    • Tips: Isøks og stegjern kan vere nødvendig på denne turen

    19.2 Ned nordflanken på Skjerdingane  E2, V

    Nordflanken til Lammanipa ligg nordvest av nordrenna på Lammanipa. Startpunktet er ved ein liten pinakkelformasjon (omlag 1,5 meter høg) på ryggen. Nedturen går i eit alpint landskap. Det er fleire konvekse parti i denne sida og terrenget vender etterkvart meir nordaustleg.

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Skred, klippe og utgliding
    • Himmelretning: Nord/nordaust
    • Lengde nedkøyring: 622 høgdemeter til Haugabotn, 400 høgdemeter til Anestølen 
    • Brattaste punkt: 44–46 grader i 60 høgdemeter (1400–1340 moh) og 32–36 grader i 500 høgdemeter (1340–840 moh)
    • Tips: Det er mykje småterreng og konvekse former, desse gjer det vanskeleg å få oversikt over terrenget. I nedre del av flanken før Haugabotn er det eit belte med klipper. Sjekk kvar det er mogleg å komme gjennom klippepartiet på veg opp. Isøks og stegjern kan vere naudsynt på denne turen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    19.3 Ned nordaustflanken på Skjerdingane E2, MV

    Er det forhold på Nordaustflanken er det nydeleg variert brattkøyring. Startpunktet er den nordvestlege kanten av fjellhammaren Skjerdingane. Hald svakt nordaustleg retning i dei første 180 bratte høgdemeterane til ein ryggformasjon. Frå ryggformasjonen dreiar ein vestleg inn i ei renne som fører til ein flanke. Hald fallinja på denne flanken. Lokaliser den austlege skrårampa (kring 1000 moh) som går gjennom klippepartiet og ned til Haugabotn. Skrårampa har fri sikt ned i Haugabotn. 

    • Når: April–mai
    • Farar: Nedkøyringa er jamt bratt og utan trygge stoppestadar. I nedre del av nedfarten er det vanskeleg å ha oversikt når ein kjem ovanfrå. Ein bør treffe den rette skrårampa som går ned i Haugabotn.
    • Himmelretning: Nordaust med nokre nord- og austeksponeringar
    • Lengde nedkøyring: 540 høgdemeter til Haugabotn, 439 høgdemeter til Anestølen
    • Brattaste punkt: 42–48 grader i 180 høgdemeter (1400–1220 moh) og 37–39 grader i 120 høgdemeter (1000–880 moh)
    • Tips: Morgonsola står rett inn i denne sida tidleg om morgonen, det kan difor vere vanskeleg å treffe med tida for nedkøyringa på våren, med tanke på å få god snø. Stegjern og isøks er naudsynt om ein går opp denne ruta.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. / Toppturar i Sogn.
    idleg morgon på veg opp Skjerdingane på Frudalsfjellet 19.1. Foto: Andreas Haslestad. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå