14.1 Opptur Skjerdingane 1520 moh

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og kryss Botnelvi. Ta opp den nordvestvende flanken som går opp i sidedalen mot Skjerdingane. Fortsett inn dalen til foten av den austvende breen. Drei søraustleg inn på ein svak ryggformasjon og følg denne oppover til omlag 1200 moh. Når nordsida blir slakare dreiar ein litt austleg, slik at ein kjem opp i nordrenna og opp i skaret vest av toppen. Frå skaret følgjer ein sørvestryggen opp til Skjerdingane 1520 moh.  

  • Lengd: Middels 3–6 timar
  • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter og 5,8 kilometer
  • Brattaste punkt: 30 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh), 36 grader i 40 høgdemeter (1120–1160 moh) og 40–42 grader i 40 høgdemeter (1360–1400moh)
  • Farar: Skred. Turen har fleire bratte passasjer og går i fleire store utløpsområde for skred. Krev difor stabile forhold. 
  • Tips: Det kan vere behov for isøks og stegjern eller skarejern

14.2 Ned nordsida på Skjerdingane 1520 moh E2, V

Frå toppflanken av Skjerdingane er det ei sør/sørvestside med utsikt mot indre del av Laugadalen. Følg denne og skrå tilbake til skaret der ein kom opp. Frå skaret startar nordsida med ein smal og brattare inngang. Nordflanken kan avsluttast med ei brattare direkte linje enn oppturen. Nordflanken flatar ut kring 1120 moh. Frå kring 1100 moh og ned til 1000 moh er det brattare. Når ein kjem ned i hengjedalen følgjer ein same rute som oppturen ned i Frudalen. 

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Skred, skavlar, utgliding og terrengfeller
  • Himmelretning: Toppen har ei sørvestside, frå skaret er det ei nordside og ned hengjedalen til Frudalen er det ei nordaustside
  • Lengd nedkøyring: 1000 høgdemeter. Nordsida utgjer 800 høgdemeter.
  • Brattaste punkt: 40–42 grader i 40 høgdemeter (1400–1360 moh) og 41–43 grader i 100 høgdemeter (1100–1000 moh) 
  • Tips: Sørvestveret bygger skavl i skaret som er inngangen til nordsida. Nokre sesongar har det vore brukt spade for å komme seg opp dei siste meterane av renna
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

14.3 Opptur Nordaustrenna av Skjerdingane 1562 moh

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og kryss Botnelvi. Ta opp den nordvestvende flanken som går opp i sidedalen mot Skjerdingane. Fortsett inn dalen og inn på den austvende breen og fram til nordaustrenna. Legg sporet midt i renna. Det kan kome stein og snø/is ned frå klippa på sørsida av renna. Hald difor avstand frå denne. 

  • Lengd: Middels 3–6 timar
  • Lengde nedkøyring: 1042 høgdemeter og 5,8 kilometer
  • Brattaste punkt: 34–36 grader i 200 høgdemeter (1200–1400 moh) og 40–42 grader i 100 høgdemeter (1400–1500 moh) 
  • Farar: Skred og utgliding. Nordaustrenna krev difor stabile forhold. 
  • Tips: Det kan vere behov for isøks og stegjern eller skarejern

14.3 Ned nordaustrenna frå Skjerdingane 1562 moh E2, V

Same veg nedatt som oppturen. 

  • Når: Mars–april
  • Farar: Skred, skavlar, utgliding og terrengfeller. Det kan komme stein og snø/is ned frå klippa på sørsida av renna. Hald avstand frå denne. 
  • Himmelretning: Nordaust
  • Lengde nedkøyring: 1042 høgdemeter (382 høgdemeter i renna) 
  • Brattaste punkt: 40–42 grader i 100 høgdemeter (1500–1400 moh) og 34–36 grader i 200 høgdemeter (1400–1200 moh) 
  • Tips: Sør- og sørvestvêret bygger skavl i toppen av renna. Difor varierer hellingsvinkelen i toppen av renna frå år til år.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

14.4 Ned nordryggen frå Skjerdingane 1520 moh E4, EV

Nordryggen frå Skjerdingane 1520 moh er eit eksempel på at tradisjonell alpinklatring og moderne bratt skikøyring møtest. Dette er ein eksponert rygg og ein bør gå opp Nordryggen dersom ein vurderer å køyre den ned. Nord av toppen dannar det seg ofte ein liten skavl. Første del av ryggen  blir gradvis brattare. I det brattaste partiet må ein lokalisere ein smal skrå-bratt rampe (50 grader) på vestsida av ryggen. Denne smale skrårampen traverser ein slik at ein kjem inn igjen på ryggen. Denne passasjen er fatal ved utglidning på grunn av at rampen går rett utfor stupet vest av ryggen. På midtre delen av ryggen er det ein smal flanke som har stup i vestleg og austleg retning samt at nedre del av ryggen endar i eit klippeparti. Kring 1250 moh lokaliserer ein utgangen av ryggen som går ned på nordflanken aust av ryggen. 

  • Når: April–mai
  • Farar: Skred, skavl, stup, klipper, utgliding og fatale konsekvensar ved fall
  • Himmelretning: Nord
  • Lengd nedkøyring: 1000 høgdemeter 
  • Brattaste punkt: 45–50 grader i 40 høgdemeter (1380–1340 moh) og opptil 40–45 grader på ein eksponert smal rygg
  • Tips: Isøks og stegjern, eventuelt sikringsutstyr.
  • Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Fall vil vere livsfarleg, og vil så i dei fleste tilfelle vere fatalt. Det krevst svært stor dugleik for å ferdast sikkert i slikt terreng. Eit bratt parti i seg sjølv treng ikkje kvalifisere for  E4. Det er konsekvensen av eit fall eller utgliding som skildrast. Oppturen vil nesten alltid krevje stegjarn, isøks og sikringsutstyr.