Tuftebreen i vintersnø - i taulag. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Skiturar på brear

Mange turinteresserte har høyrt historia frå Sognefjellet om karen som gjekk gjennom ei brei snøbru og vart hengande opp ned etter ei ski over avgrunnen. Han prøvde desperat å få tak på mobilen, og fekk til slutt ein SMS gjennom: «er i bre». Ei slik historie skremmer vatnet av alle skilauparar utan breerfaring. Kvifor må skifolket ta den ekstra risikoen?

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen

    I høgfjellet går ofte dei finaste linjene over brear, og den fine kremtoppen ligg gjerne i enden av jøkulen. På breane ligg snøen best og lengst, og her er skibakkane oftare jamne, fine og slette grunna det plastiske underlaget. Mange av turane og linjene i Hurrungane går over brear, og sjølvsagt brefallturane i Jostedalen. Eit storslått alpint terreng er ikkje komplett utan den evige isen som ein x-faktor, og å stå på ski ved, og gjennom istårn og sprekker får blodet til å bruse i skrotten. Ein kjem ikkje utanom breane, om ein ikkje vil gå rundt! Skiturar på snødekt bre skil seg frå fotturar på to vesentlege punkt. Med ski har ein større bereflate over snøbruene og sjansen for å gå gjennom er mindre. Men når ein fyrst går gjennom med ski, er det óg meir sannsynleg at ein fer ned i sprekka, for holet vert større. Ein annan faktor som tel inn positivt er at ein som regel har høgare fart nedover breen med ski på beina. Då kan ein krysse snøbruer utan å måtte påføre full kroppsvekt. Ski er også ein mogeleg risiko fordi rutevala må takast kjapt om ein køyrer vanleg snøgt nedover i sprekkterreng. Dette gjer det likevel vanlegare å sjå skilauparar som går utan tau på snødekt bre, enn brevandrarar utan ski.

    Konsekvensen av å knekke gjennom ei snøbru og ned i ein sprekk utan sikring er derimot den same med og utan ski. Breisen og sprekka er potensielt både djup, glatt, hard, trang og kald. Det vil seie at den som fell i ein sprekk må rekne med at ein fell langt ned, at ein slår seg, og til slutt sit godt fast og frys i nærkontakt med isen der nede i skuggen. Eit fall i «feil» bresprekk utan tau kan fort vere fatalt, om ein ikkje slår seg ihel, frys ein ihel. Derfor er gode tilhøve og gode vegval det mest avgjerande når ein skal gå ein bretur med ski. Gode vegval på bre lærer ein på eit brekurs og enkelte alpinkurs. Det er naudsynt med erfaring og/eller kursing for å kunne gjere ein enkel eller komplisert bretur trygg nok. 

    Nokre av dei avgjerande faktorane er:

    Snømengde og tilhøve må vere rett. Ein vil ha mest mogeleg snø over sprekkene og at snøen er omdanna gjennom førefall i meir eller mindre grad. Ein må vere ute i rett tid i høve til solsmelting for at tilhøva skal vere trygge, det vil ofte seie svært tidleg start på natteskare. Vinterstid før førefall er det større sjansar for at snøbruer knekk. Nokre av breturane som er omtala i boka kan berre sjeldan gjerast trygt og i god stil. Som regel er tilhøva best i starten av april og utover mot midten av mai.

    Gode vegval går mest mogeleg utanom sprekkområde. Ofte gjeld det å følgje dalsøkk der isen og sprekkene er vorte komprimert. Ver sikker på at det er ein dal du følgjer og ikkje ein stor sprekk som er fylt med snø. Unngå konvekse område og bratte knekkpunkt, her er det mest truleg sprekker. Stoppsvingar på slike plassar kan vere hasardiøst, så planlegg svingane godt. Det vil stort sett seie at ein må gå opp der ein har tenkt å køyre ned, eller i det minste sjå nedkøyringa frå oppoversporet for å gjere seg opp ei meining om linjeval. 

    På brattare brear der det stikk ut blåis som er vertikal og overhengande er sjansen for isras alltid til stades, sjølv midt på natta. Det er likevel mest sannsynleg at veggen eller istårnet rasar midt på dagen i soloppvarminga. Men alle brear i Fastlands-Noreg er i konstant rørsle, jo brattare jo meir rørsle, så ingen kan spå om isras i så måte. Hugs og at det ikkje berre er trusselen om å få is direkte på seg som må vurderast, men og om isras kan setje i gong snøskred over ein.

    Det er viktig å ha rett utstyr og kunnskap om dette. Går ein og køyrer med klatresele på og har tau og kameratredningsutsyr med, er det råd å fiske opp att skilauparar. Tre ei slynge i selen og fest den andre enden i skulderstroppa i sekken for å lette ei redning. Dette gjer det enklare å få tak i eit heisepunkt. Tenk på kva du vil gjere for å halde ein nedkjølt og skadd «sprekkhoggar» varm etter redninga.

    Ein tek alltid ein ekstra risiko når ein er på bre utan tau. Syt for å ha nok erfaring og kunnskap til at du veit kva risiko du tek, elles spelar ein berre russisk rulett. Breane og snøtilhøve er alltid i endring, så om det var greitt i fjor, forrige veke eller for to timar sidan, tyder ikkje at det er gode tilhøve no. Som med skredfarevurdering må ein gjere seg opp si eiga meining.

    Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
    Ved brefronten kan ein byrje å tøffe seg litt! Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå